• Photo: Bjørn Austigard, Romsdalsmuseet (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Austigard, Romsdalsmuseet (Opphavsrett)
  • Photo: privat (Opphavsrett)

Frå øks til stav

Øksestaven frå Våddan

Den økseforma staven det her er tale om, kjem frå Våddan i Trondheim. Kanskje vi kan kalle det ein "tingstav". Namnet står ikkje i ordbøker, men mannen som selde staven, opplyste følgjande til kjøparen i 1904: "Da 'kallian' i kongelig forordning forbødes at fremøde til offentlig forsamling med sine øxe, anskaffede de sig slige stave mandjævnt". Bondetinget var truleg den offentlege forsamlinga det her er mest naturleg å tenkje på. Staven har Christian den 7.s monogram (C 7), og er datert 1784. Ved å samanlikne staven med 1600-tals økser, ser vi klart likskapen i form. Øksa nærast staven på bildet, har årstalet 1630 på skaftet. Øksa lengst til høgre kan kanskje vere eldre. Ho kjem frå Fjøseid i Tingvoll kommune. Dette er den øksetypen som mennene i gamle dagar måtte henge frå seg i inngangen til kyrkja, derav namnet våpenhuset. Det var kaptein, seinare oberstløytnant, Reinhold Ziegler (1839-1918) som samla desse "museumsgjenstandane" sist på 1800- og først på 1900-talet. Han hadde ei stor våpensamling som seinare vart gitt til Romsdalsmuseet. Staven og desse øksene er ein del av denne samlinga.

Bergmannsstaven

Bergmannsstaven på Røros har noko av den same bakgrunnen som tingstaven. I Rolf Strands grundige artikkel om "Staver på Romsdalsmuseet" i Romsdalsmuseets årbok 1994, tek vi med følgjande: "En særpreget stokk er kjent fra norske gruvemiljø. Og kalles bergmannsstav. Denne lages som suvenir, men etter mønster av den gamle stokken. Norske bergverk oppstod på 1600-tallet og utover. Gruvespesialistene ble hentet utenfra, særlig Tyskland, og alle tradisjoner, titler og uttrykk var derfor tyske. Alle som arbeidet i bergverkene, ble kalt bergmenn, enten de var øvrighetspersoner eller vanlige arbeidere. I middelalderen ble en spesiell øks brukt av de som hugget berg, denne utviklet seg til et verdighetstegn. Den ble kalt Bergbarte, eller skjeggøks på norsk. Den ble mer og mer dekorativt utformet, dette skjedde alt på slutten av 1600-tallet, og alt på 1700-tallet ble mange av disse laget i tre. Bergmannsstaven var blitt til en spaserstokk med fine dekorasjoner og mønstre, og ofte med innlagte felter av bein og horn." Det er ikkje vanskeleg å sjå likskapen mellom dei gamle øksene, "tingstaven" frå Våddan og bergmannstaven frå Røros.

Av Bjørn Austigard, Romsdalsmuseet.

Share to