• Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Gravfelta ved fjellfoten i Søvika

Gravfeltet i Søvika

Ovafor skulen i Søvika ligg eit gravfelt tett opp ved bakkefoten. På ei arkeologisk registrering vart det talt omlag 40 gravrøyser. Då var mange allereie forsvunne ved oppdyrking av jorda, så dette har vore eit nokså stort gravfelt. Røysene som ligg her er to til fem meter vide og ein halv meter høge. Ei av røysene som framleis ligg her i dag er noko større, med tverrmål på ni meter og over ein meter i høgd.

Følgjer ein fjellfoten innover om lag 500 meter, treff ein på gravfeltet på Einehaugen. Dette vart oppdaga av Olav O. Søvik då lyngen i området vart avsvidd. Her vart det funne 40-50 heilt låge gravrøyser på om lag tre til fire meter i diameter, nokre større og nokre mindre. Ingen av gravfelta i Søvika er grave ut av arkeologar, og det er heller ikkje kome inn funn frå dei gravene som er øydelagde. Men arkeologar kan sjå til andre gravfelt som liknar på dette for å fortelje meir om gravfelta i Søvika.

Gravfeltet på Longva

Det finst fleire døme på gravfelt som liknar på dei ein finn i Søvika. På Longva på Skuløy/Flemsøy, har det vore fleire arkeologiske utgravingar i eit gravfelt som ligg oppunder fjellfoten på Øverlandet. Feltet har vore godt synleg frå både fjorden og leia. Her har det vore både store og små gravhaugar. Medan nokre av gravene berre gav funn av kol, brente bein og never, låg det våpen som øks og sverd, og flotte smykke i andre.

Ved å studere funna, veit ein no at eitt og same gravfelt vart brukt i både eldre og yngre jarnalder, sjølv om gravskikkane har endra seg. Gjennom heile jarnalderen har det vore store variasjonar i korleis folk har vorte gravlagd. Dette gjeld både innafor ei og same tid, men og innafor same gravfelt, og til og med i same gravhaug kan ein finne døme på ulike skikkar.

Gravlegging i jarnalder

Det å gravleggje ein person, er ein prosess som består av fleire delar. Både skikken med å gravlegge heile kroppen og det å kremere den døde har vore nytta om kvarandre sidan bronsealder. Når det gjeld sjølve kroppen eller kremasjonsrestar, har ein nokre gongar plassert desse rett i ei grop i bakken, eller i ein behaldar. Dette kan vere ei kiste av treplankar eller steinheller, eller urner av keramikk eller metall. Nokre av urnene er og sett ned i små steinkister.

Det er og ulike måtar å dekke grava. Nokre graver har ikkje hatt markering på overflata, medan andre har vore dekka av ei lita steinhelle eller ei lav steinlegning som med tida vert skjult av vegetasjon. Andre igjen har hatt vore dekka av jord, stein, eller begge deler. Ei gravrøys er bygd av stein, medan ein gravhaug er bygd av jord. Desse finst i alle storleikar, frå små haugar/røyser til enorme monument med diameter på 40 meter.

Døme på gravgåver

Det vil variere om ein finn gjenstandar i grava eller ikkje. Nokre har vore gravlagd kledd i finstasen og med personlege eigendelar, medan andre berre har fått med spesielle gjenstandar. Gravgodset kan omfatte alt frå vanlege bruksgjenstandar til kostbare smykke, våpen og ulike dyr. I branngraver kan dette vere både brent og ubrent. I yngre jarnalder vert fleire gravlagd i skip eller båt

Gravfelt som informasjonskjelde

Ein treng ikkje finne tidstypiske gjenstandar i gravene for å finne ut kor gamle dei er. Der det ikkje finnast gravgods, kan beinrestar etter den gravlagde, eller kolrestar i dei tilfelle det er tale om kremsjonsgraver, gje datering gjennom C14-metoden. Slik kan ein finne ut når gravfelta var i bruk. Oftast ligg gravfelta i jarnalder nær staden ein budde, men plasseringa kan og vere nær stadar der ein ferdast. Gravfelta kan dermed fortelje om busettingsmønster og sentrale stadar i førhistoria.

Andre spor av jarnalderbusettinga i Søvika

I 2001 var arkeologar i Søvika for å sjå etter førhistoriske spor i eit område som det skulle bygjast på. Her fann dei mellom anna fleire kokegroper, steinalderlokaliteter og gravrøyser. Det blei tatt ut C14-dateringar, og to av desse høyrer til i perioden eldre jarnalder. Dette viser busetjing rundt år 100 e.Kr og 400 e.Kr.

Gravfelta i Søvika liknar mykje på feltet som vart undersøkt på Longva. Samstundes viser fylkeskommunen si registrering at det var busetting i Søvika i eldre jarnalder. Det er truleg at gravfelta ved fjellfoten var i bruk i same periode som på Longva, dvs både i eldre og yngre jarnalder. Gravfelta kan m.a.o ha vore i bruk heilt frå 500 f.Kr til 1030 e.Kr. Men endeleg svar kan berre arkeologiske utgravingar gi.

Share to