• (Opphavsrett)
  • Photo: teikna av Kolbjørn Ekkje. (Opphavsrett)
  • Photo: Jarle Vines (Opphavsrett)

Sveio kommune

Sveio - midt i leio

Kommunen ligg verkeleg midt i hovudleia, når du kjem langs E39 frå Arsvågen - ein fascinerande tur gjennom lyngheilandskapet. Gardane lengst i sør høyrde før 1841 til Skåre skipreide i Karmsund sorenskrivardøme. Reiser du den ytre vegen, Rv. 541, mot Buavåg og Tjernagel, kjem du ut i den opne lyngheia med mange fine utsiktsparti mot Bømlafjorden. Den austlege vegen, langs Ålfjorden - «ein fjord på innsida» - går gjennom gamle bygder med fin byggeskikk. Langs Valestrand er naustmiljøet i Vidhovdavik vel verdt ei vitjing. Ferjestaden Valevåg er ein gamal gjestgjevarstad og skysstasjon. Lengst nord på Tittelsnes ligg eit tysk kystfort frå andre verdskrigen.

«Ny» kommune etter 1964

Dagens kommunegrenser er frå 1964. Få tilhøve fortel tydelegare om overgangen frå sjøverts til landverts samferdsle enn endringane av kommunegrensene. I 1837, då det lokale sjølvstyret vart innført, bygde dei nye kommunegrensene i stor grad på prestegjeldsgrensene. Då fanst det ingen sjølvstendig kommune på Tittelsneshalvøya. Så lenge sjøen var hovudvegen, var øyane naturlege midtpunkt. Vikebygd høyrde til Fjelberg kommune, Sveio-krinsen høyrde til Finnås kommune på Bømlo og Valestrand høyrde til Stord.

Før reformasjonen høyrde Valestrand til Fjelberg, men frå 1538 fram til 1870 låg soknet i Stord prestegjeld.

Stadnamn i Sveio

Sveio er eit namn som har vorte sett i samanheng med gno. sviða «stad som er rydda ved brenning». Kommunen har fått namn etter den gamle setegarden, der kommunesenteret ligg. Gardsnamnet kan peika mot ein rydningsperiode med avsviing av skog. Her er det interessant å trekkja inn gardsnamna Tveitaskog, Skålaskog, Vandaskog og Nordskog. Desse gardane ligg i ein vid krins kring Sveio. Her kan namnetradisjonen ha fest seg etter restar av ein skog som har stått att etter ein stor brann. Diftongen ei kan truleg forklarast som ein overgang av det eldre lydsambandet ið.

Vidhovdavik tyder «vika ved den vide hovden». Førsteleddet i Valevåg er Valen «grunn stad i sund», i slekt med vada. Gramshaug inneheld gno. gramr «troll, djevel». Fjon har truleg same opphav som det danske øynamnet Fyn, som vert sett til fjon «noko lite og lett», med same grunntyding som fyka.

Share to