Gravfelt og hustufter

Framfor deg ligg det tre røyser med groper, som er tolka å vere graver frå jernalderen.

Gropene varierer på djupne. Gjennom heile jernalderen var det vanleg å plyndre gravene for gravgåver. Spora etter ei slik plyndring, kan ha form som ei grop i røysa. 

Den austlegaste gropa er djupast, rundt ein meter. To av gropene har tydleg voll og dei verkar å vere steinsette. Røysene er grodde med grasvegetasjon og einer. 

Vidare vestover langs denne sletta over Dunsegytten, skal det ligge fleire låge gravrøyser og hustufter. Tett vegetasjon gjer dei vanskeleg å finne att gravene i marka.  

Tuftene er lettare å sjå like under Høyskarhelleren/Olav Trygvasonhelleren.


(Askeladden id 16144, Per Fett fk.nr 3 og 4)

Share to