• Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Bergen Museum (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)

Rønstadhellaren på Løvsøy

Bruk av bein og gevir i førhistoria

Kammar laga i gevir finn ein frå romartid, perioden frå år 0 til 400 e.Kr, men bein og gevir har vore nytta som råmateriale til reiskap gjennom heile førhistoria. På grunn av dårlege bevaringsforhold, er det ikkje ofte ein finn reiskap i slikt materiale på buplassar. I holer og hellarar er situasjonen ein annan. Her blir materialet liggande i stabile, verna omgjevnadar.

Kammar i jarnalder

I Noreg finn ein kammar av gevir, medan ein i Sverige har brukt materiale frå elg, og i Danmark frå hjort. Skikken med å lage kammer i gevir frå rein varte heilt til ein i slutten av middelalder gjekk over til å lage kammer i bein. Dei norske kammane er laga i gevir frå rein, og ein trur at Hjerkinn og Dovre har vore produksjonsstadar. Særleg mange kammar finn ein i vikingtid, då ofte i gravfunn, og er like vanleg i mannsgraver som i kvinnegraver. Kammar kan både vere satt saman av fleire delar med jern-eller bronsenitar, eller være laga av eit heilt stykke. Dekoren på kammane omfattar både linjer, sirklar og flettemønster. Punktsirklar var vanlegast i romartid og folkevandringstid, medan det i merovingertid og vikingtid var meir vanleg med flettemønster.

Kammen i Rønstadhellaren

Kammen som Lorange fann, var laga av eit heilt stykke. Den var spesielt utforma, med utskjering frå begge side som nesten har gått heilt gjennom. Som dekor er kammen påført sju punktsirklar. Sjølv om kammen ber preg av slitasje på tennene, er den godt bevart.

Eit offer?

Måten kammen vart funne på, gjer at det er grunn til å tru at det kan ha vore eit offer. Han låg ved ein eldstad 40 meter frå hellaropninga, forsigtigt indstukket i et lidet mellem tre Stene dannet Rum. I tillegg fann Lorange hestetenner, never og albogeskjel. Hest har neppe vore kvardagskost på 100-talet e.Kr. Never og albogeskjel kan verke meir alminneleg, men dette er faktisk materiale ein finn i rike graver.

Never er funne i mange graver, og i nokre er det skjel av ulike typer. På Vigra er det til dømes funne ei kremasjonsgrav frå 400/500-talet. Dei brente beina er plassert i ein bronsekjel saman med kostbare saker som eit importert glas og ein gullknapp, men meir overraskande er den eine halvdelen av eit kamskjel

Holer og hellarar som rituelle rom

Det er altså fleire trekk ved kamfunnet som peikar mot at det er eit offer. Men kvifor finn ein dette i Rønstadhellaren? Offer i hole og hellarar kjenner ein frå fleire andre stadar. Indikasjonar på kva symbolsk rolle slike formasjonar tidlegare har hatt, finn ein til dømes i den minst tusen år gamle norrøne mytologien. Stadnamn viser ein sterk samanheng mellom holer/hellarar og jotnene, som var urkreftene i denne religionen. Segn fortel og om jotner, troll og dvergar med tilhald i fjell. Særleg er smedkunsten knytt til dvergar i fjellet, med myter om at gjenstandar smidd under jorda hadde spesielle krefter.

Kanskje var det nettopp desse kreftene nokon ville gjere seg til lags med, då den velbrukte kammen vart plassert i eit lite steinkammer innerst i Rønstadhellaren.

Share to