• (Opphavsrett)
  • Photo: A.B. Wilse 01585 (Opphavsrett)
  • Photo: Gunnbjørg Austrheim (Opphavsrett)
  • Photo: Gunnbjørg Austrheim. (Opphavsrett)

Ænes - adelseigedom og kyrkjestad

Steinkyrkje frå mellomalderen

Steinkyrkja på Ænes er truleg bygd i siste halvdel av 1200-talet. Om det har stått ei stavkyrkje her tidlegare, veit vi ikkje sikkert. Steinkyrkja har halvannan meter tjukke kistemurar; ei lita einskipa kyrkje med smalare kor. Det noverande, litt flate taket fekk kyrkja ved ei ombygging i 1869. Då vart også vesttårnet oppført i tre. Tidlegare stod det eit rektangulært vindauga i sørmuren. Dette vart erstatta av to rundboga vindaugo ved ei restaurering i 1950-åra.

Adelseigedom

Frå 1600-talet og fram til 1901 høyrde Ænes og kyrkja til stamhuset i Rosendal. Sønene til Gaut på Ænes, Jon og Munan, vart lendmenn under Magnus Erlingsson. Begge brørne miste livet under kampane med Sverre. Jon sine søner heitte Anbjørn og Gaute. Anbjørn vart oppfostra hjå baglarbispen Nikolaus Arnesson, medan Gaute slo seg til på Mel, som nokre hundreår seinare vart ein del av baroniet i Rosendal. Heilt eintydige er ikkje dei historiske kjeldene. Det har vore peika på at Ænes kan vera ei feil-lesing for Urnes (i Sogn); i så fall vert historia ei anna.

Share to