• Photo: Bergen Museum (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Korsforma køller frå Haram - ein spesiell gjenstand frå eldre steinalder.

Køller og hakker frå slutten av eldre steinalder

Arkeologar som har sett nærmare på desse gjenstandane, meiner at dei vart brukte i perioden kalla seinmesolitikum. Dette er siste del av eldre steinalder, frå omlag 6400 f.Kr - 4000 f.Kr.

Det var laga både korsforma og stjerneforma køller, og ein reknar hakker som ei beslekta gjenstandsgruppe. Fleire av køllene og hakkene har dekor, og ei dekorert kølle laga av tre som vart funne i ein innsjø i Oppdal, vart datert med C14-metoden til å være om lag 8000 år gamal!

Få korsforma køller og hakker funne på Sunnmøre

Berre to korsforma køller er funne på Sunnmøre. Den eine er funnen på Kjerstad av Martinius J. Kjerstad, medan den andre vart funnen i fleire delar på ei arkeologisk utgraving i Vollsvika på Fjørtofta. Totalt er det berre åtte korsforma kølle frå Møre og Romsdal. Ei er funne i Rauma kommune, to i Tingvoll og to i Aure. Det siste tilskotet kom fram under Ormen Lange-utgravinga i Nyhamna på Aukra i Romsdal.

Medan korsforma køller er mest utbredd på Vestlandet (31 stk), er det hakker ein finn mest av frå Nordmøre og nordover til Trøndelag. Berre ei av 18 hakker i Møre og Romsdal er funne på Sunnmøre. Nokre er funne i Romsdalen, medan dei fleste er funne på Nordmøre, på heile Vestlandet er det berre funne 20 hakker.

Korsforma kølle som rituelle gjenstandar og høgstatusobjekt

Den særmerkte utsjånaden og rike dekoren på fleire av dei, gjer at arkeologar meiner dette har vore heilt spesielle gjenstandar. På nokre av dei korsforma køllene kan ein finne ei markert fallosrand som symboliserar mannleg fruktbarheit og virilitet. Når det i tillegg er funne så få hakker og køller i Noreg, gjer dette at arkeologar trur dei kan ha vore mannlege høgstatusobjekt. Det å eige ei slik kølle kan altså ha vore knytt til ein spesiell status og makt.

Slike spesielle gjenstandar kan ein og sjå føre seg har vore brukt i samband med ulike ritual. Fallosranda peikar mot ritual som aukar fruktbarheit, men kan og ha vore del i såkalla "overgangsritar". Dette er ritual som markerer ein person sin overgangen frå ein tilstand til ein annan, til dømes når eit barn skal introduserast i samfunnet som vaksen. Her i Noreg fungerte konfirmasjonen bortimot som eit slikt ritual nokre genrerasjonar tilbake.

Gåve til gudane?

Fleire av hakkene og køllene er funne i vatn og myr, som kan tyde at dei har vore ofra. Ei slik kostbar gåve til gudane har nok vore gitt med håp om å få guddommeleg hjelp som takk.

Innblikk i ei anna verd

Om ein ser bort i frå bergkunsten, er det meste av det ein finn frå steinalder i Noreg knytt til kvardagslege gjeremål. Det kan vere flotte reiskap knytt til fangst og fiske, men no og då finn ein og slike gjenstandar som kan fortelje meir om tankar og oppfatningar om verda for fleire tusen år sidan. Slik kan dei to køllene frå Haram bidra til å gi eit rikare bilde av steinaldersamfunnet i Noreg.

Share to