• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1910 : Fraa mine unge dagar

Det er mange aar sidan no, eg tente hjaa gamleskrivaren. Ho Olina og eg var der paa same tid.

Fraa mine unge dagar.

Det er mange mange aar sidan no, eg tente hjaa gamleskrivaren. Ho Olina og eg var der paa same tid.
 

Han var ein fælande snild mann gamleskrivaren. Men kom so att med fruva. Eit illvare styggebeist som ikkje verra kunde tenkjast. Aldreg var noko godt nok aat henne, ”hita” um eg so vilde seia. Men eg og ho Oline kom altid godt av med det.


Ho var ei heil merr til gjenta, ho Olina, brei yver dosi so eitkvart ilt. Smilande og godgjerande. Det var ikkje mange vikarne fyrr dei tok til aa drøsa um detta ”paret hjaa skrivaren” der i nærmaste nabolaget. Det brydde ikkje me oss um, me let kvar dag hava nok med si eigi plaga, aa ja, næterne med.


Soleis gjek daa vinteren. Og vaaren kom i staden, og etter vaaren, sumaren. Daa alle gjenterne reiser til støls. Soleis ho Olina og. Eg maa seia so sant var att eg var ikkje med ei god bringa daa ho reiste. Ho skulde ikkje sleppa inn, nokon utan meg det lova ho. Ja ho tok meg endaa til i handa paa det.


Eg talde dagarne no, tykte dei gjek so seint – no sidan ho var reist. Og so detta gamle hespletre so gjekk og taut, og viste tenner til kvar tid.
Eg vart so sinna paa ho ein dag, at eg rende inn i bui – fakka den gamle byrsa mi; var meiningi aa setja eit saltskot i det gamle sjinnet.
Men det fekk eg pent lata vera, for med same eg skulde stiga yver den høge dørstokken so snæsa eg og laag so lang eg var og slog byrsa snaut av paa mitten. Det hadde eg berre denna fa --- gamla aa takka fyr

.
Det var laurdag, og fjorten dagar sidan dei reiste tilstøls. Og ingen kan fortenkja meg, i at eg vilde lyast upp til henne no, gjenta mi kann eg segja.
Det var laurdagkveld. Hadde vore paa krambudi, og kaupt snop til ho deruppe, paa Blomflaten, so heitte stølen ho var paa.
Snopet bestod seg i brunt sukker fyrr 12 skilling, ein kamb og ein lommeklut og ei halv flaska Sirap. Ho var so forgjera etter sirap ho Olina, maa vita.
Det var ikkje nett lengje gjort aa koma til støls i kveld. So skinnbroki hadde vist ikkje hadt likare fart i seg nokonsinne.
Komen up til selet sette eg meg ned paa ein stein, for aa pusta ut, etter den harde marsen og tenkja paa korleis eg skulde bera meg aat. Vilde koma so lurt so raad var.
Gjekk stilt inn i utselet, strauk av ei stikka, vilde no sjaa meg fyre. Der stod ein stor saa nett utfyre døri; var mest full av stikkelse, som var kokt daa um dagen. Det var enno fin yl i det. Gjekk so stilt burt og lagde øyra til døri, vilde høyra um ho Olina kunde snorkla.


Men tvivorte mig, hadde eg ikkje so ner uvita med det same, kva høyrde eg ikkje trur du.
Nei nei du maa ikkje kisla meg so vesle Olaen min, gaulte ho.
Eg lutte meg ned og saag inn, ei strekka i døri.
Jau so vidlande deg laag ikkje han fidle Olaen patvert uppi sengi hjaa ho Olina.
Han som ikkje eingong hadde lika lange føter.
Han laag og kjisla og knitta henne under hoka nosi og øyra.
Ja, det var ret eit slags hundeleven dei heldt.


Eg var so fælen der eg stod, at ikkje eingong sinnet fekk magta yver meg. Sette meg nedpaa kanten av saven med stikkelse i, for aa tenkja meg um.


Det var godt aa legja med ho Olina i kveld, førde meg nerare innaat henne, heldt henne um halsen so støtt, at eg aldrig vilde sleppa taket. Tykte eg laag so urimelegt mjukt og godt.


Med eit so byrgja det med sjoting, bjølling, og gauling ut paa selbøen, det var som vilde dei flekja sundt alting. Eg vakna og hadde sove, og drøymt.
Eg vart vis med att eg hadde sige langt nedi stikkelsesaaen, hang att etter nakken og føterne. Stikkelse naadde nett upp til haka paa meg, var enno so heit att det var ein lyst aa liggja der.
Eg stræva hardt fyr eg var kar aa koma meg paa fot att.
Daa eg skulde kjenna etter, hadde eg mist kamben, sukkeret braana og korken gjenge av sirupsflaska.
Eg var aldeles kvit av stikkelse.


Dei var ferdige med bjøllingi, og stod nett utfyre døri. Snakka um korleis dei skulde rundjula meg.
I det same let eg upp døri, aldeles kvit som eg var, eg stod der i det myrke utselet saag eg ut som ein attergangar.
Dei som tyleg hadde stoi og skrept av kor godt dei hadde bjølla, og korleis dei skulde fara med meg, miste modet daa dei saag meg.
Tok beina fat, og sprang alt dei orka, og bad seg fri og bevare i fraa eit slikt spøkjelse.
Eg nytta høve, la paa sprang, tok snarvegen heimatt, stana ikkje fyrr eg var i budi mi.


Mandagen laut eg av etter kløv, skulde reia heim stikkelse.
Eg var mørk og tagall, heile tidi medan eg var deruppe. Ho Olina var blid, som altid, men eg lest ikkje gaa.
Eg fekk kjøraldi mine, og skulde til aa kløvja, daa kom ho hit og vilde hjelpa meg.
Men daa skar eg i til ho kann du tru.
Aa dra dit spikrarne veks du; meinte eg, aa sjaa til at du tøgjer den eine foten like lang so hin paa denna forbanna gutungtraven, du liggjer aa sleikjer paa um neterne, freste eg, og gjekk min veg.


Ho skulde til aa smaka paa stikkelsen, det gamle sjinnet, daa eg hadde fenge kjøraldi inn paa stabbudi. Ho skrytte og aat, aat og skrytte.
”Den var nydelig, og saa sød som den er."
For ein gongs skuld var ho blid.
Ja, det er vel sidan eg hev vaska sjinnbroki mi, mist sukkeret ,siruppen og kamben i stikkelsen det, tenkte eg.
Det var ikkje ende paa skrytet hennar um den ”søde stikkelsen”.
Jamvel prestefruva laut hit ein dag og smaka han.


Gamla flidde meg ei skaal, eg skulde burtpaa, stabbudi etter noko.
Ei liti stund etter sat dessa tvo, den tjukke og feite prestefruva, og den sjinnberre skrivarfrua, og klemde i seg av al magt.
Ak, Gud, høyrde eg prestefruva gaula, ho kom just trekkjande, med kamben, som eg hadde etla ho Olina.

Og andlite som høyrde til det gamle sjinnet vart same styggeveret som fyrr.

Ein sveinkall

 

 

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstene rett?

 

Share to