• Photo: Fjellanger Widerøe (Opphavsrett)
  • Photo: Fjellanger Widerøe (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)

Dei arkeologiske Ormen Lange-registreringane i Haram kommune

Steinalder i Noreg

Steinalder er den lengste perioden i Noreg si førhistorie, og omfattar perioden frå om lag 10 000 - 3500 år sidan. Ein delar steinalderen inn i ein eldre og yngre del, på fagspråket kalla mesolitikum og neolitikum. Tidspunktet for skiljet er sett til om lag 5000 år sidan, då ein m.a starta med jordbruk i sørlege delar av Noreg. Sjølv om ein brukar omgrepet steinalder om heile perioden, skjer det m.a.o. mange samfunnsmessige endringar i løpet av dei 6500 åra perioden varar.

Steinalderfunna frå Ormen Lange-registreringa

Heile 36 lokalitetar frå steinalder vart funne under registreringa i Haram kommune. Desse var både frå eldre og yngre steinalder, der særleg områda ved Baraldsnes og Helland utmerka seg som funnrike. Funna omfatta alt frå flotte pilspissar og økser, til restar etter produksjon av flintreiskap. For arkeologane var det likevel intakte buplassar som utmerkte seg som mest interessante.

Lokalitet 33 - Ein særs gamal buplass på Helland

På Helland var gravemaskin eit godt hjelpemiddel for å leite etter førhistoriske buplassar i dyrka mark. Med stor glede kunne dermed arkeologane finne flint langt under markoverflata. Når funna er dekka slik av tjukk torv, er dei gjerne både godt bevarte og gamle.

Maksimumsalderen vart stadfesta då arkeologane fann ein spesielle type flintreiskap. Lansettmikrolittar slutta ein nemleg å lage for minst 7500 år sidan. For å få ei meir nøyaktig stadfesting av kor gamal buplassen var, vart det sendt i kolprøver frå buplassen til dateringslaboratoriet i Trondheim. Med C14-metoden kan ein nemlig måle kor mange år eit karbonhaldige materiale er. Stemninga vart høg blant arkeologane då ein fekk resultatet, kolprøvene viste at buplassen var heile 9400 år gamal!

Restar av gammelikanade bygningar

Under saumfaringa i området ved Fjølevika, fann arkeologane nokre sirkulære vollar i skråninga ned mot sjøen. Til saman fann dei tre slike tufter. Arkeologane trur dette kan ha vore gammeliknande bygningar, der ein har grave ut deler av undergrunnen og brukt massane til veggvollar. Inne i bustaden har ein så reist stolpar som har halde taket oppe.

Bolighus frå steinalder?

Tuftene vart undersøkt nærare og det vart funne restar av flint og skifer. Frå golvet i tuftene vart det tatt ut C14-dateringar. Desse synte at tuftene har vore i bruk i ein lang periode, heilt frå slutten av steinalder og ut i bronsealder. For dei som fann tuftene, var det heilt spesielt å sjå restane av 3-4000 år gamle bustadar! Liknande tufter fann ein og på dei arkeologiske utgravingane på Nyhamna i Aukra, men desse hadde berre vore nytta i steinalderen.

Ormen Lange-prosjektet - registreringar og utgraving

Ved slike registreringsprosjekt, gjer arkeologane små undersøkingar for å skade kulturminnet minst mogleg. Ein har likevel funne ut svært mykje, så dersom du er interessert i å lese meir om registreringane som vart gjort i forbindelse med Ormen Lange-registreringa, er har Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke rapporten.

I tillegg til registreringa i Haram kommune, vart utvalde område på Averøy, Aure og Aukra også undersøkt ved arkeologisk registrering. Aukra blei valt som ilandføringsstad for gassen, og området blei undersøkt av arkeologar frå NTNU Vitenskapsmuseet i 2003 og 2004. Rapporten frå denne store utgravinga kom hausten 2008. Her finn ein flotte fotografi og omtale av alle buplassane som vart funne i den mest omfattande arkeologiske utgravinga som er gjennomført i Noreg.

Share to