• Photo: Rolf Havnen (Opphavsrett)
  • Photo: Lars Sødahl (Opphavsrett)
  • Photo: Martin Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Rolf Havnen (Opphavsrett)

Nøysemd - ”Hjelma Lars Petter”

LP utvikla alt tidleg dette som vi i dag kallar nøysemd og dette var sikkert naudsynt for at ein skulle overleve under heller tronge kår.
Det eg veit om denne heidersmannen er stort sett det som far min Martin Hjelme f. 1914, har fortalt. Far var i barneåra nærast ein dagleg gjest hjå LP og familien hans etter at dei flytta til Hjelma.
Etter at far hadde fått mobliseringsordren i april 1940, måtte han og innom LP for å take farvel. Den store sterke mannen var då sengeliggjande og låg på det siste. Medan tårene rann strekte han fram den misshandla handa si og sende desse orda med far til avskil: ”Korleis skal det gå med folke og landet vårt no?” ” Gud velsigne deg og Norigs land”!

Men vi skulle starte i Osvika

Plassen LP bygsla låg vest for huset på Gr nr 47 bnr 1 mot sjøen 20 moh. Fjøs bygd attåt stova. NB. 47/1 Lars Petter Osvik. Plassemann i Osvik 1893. Murar FT 1900. Kvernhusneset
På denne plassen er det sannsynleg at han bygde naust, sidan han seinare reiv dette og flota det til Sylte og frakta det fram til Hjelma.
LP mintest ofte tida i Osvika og snakka m.a. om potetåkeren som han hadde oppe under hamrane i olivinsanden der. Olivin / Serpentin knausar stikk ut av fjellsida , i kanskje så mykje som 200 – 300 meters høgde o.h. her. ”Der fekk eg verdens beste poteter ”, var LP sitt omkvede når han kom inn på denne tida. Dette er sikkert rett, den mineralrike olivinsanden var nok godt eigna for å utvikle gode poteter. Men å dyrke opp ein åker i den hengebratte lia ?
Det er elles ikkje så mykje vi veit om livet i Osvika. LP drog rundt som steinmurar, Gyrid var vel heime kan eg tenkje og etterkvart vart der fødd tre born : Laura 1889. Børre 1891. (Han som seinare gjekk under namnet PostBørå i Valdalen. Og Gina 1893.
Ca år1900 ser det ut som LP bygsla gr.nr 10 bnr 4 på Omenås (Larsgarden/Hjellen) og budde der i to år. Når så Sigvart og Lina Hjelme skulle ta over Larsgarden fekk LP. tilbod om ein plass på Hjelma
Deretter flytta LP og familien til Hjelma og Plassen, og medan han bygde opp Plassen budde dei i Lisjestova ” der Oppe ” på Hjelma. Her er det at LP etterkvart dukkar fram som den nøysomme slitaren, historieforteljaren , visesongaren, jegeren og eventyrforteljaren for far min.
 

Kva som fyrst vart bygd på Plassen veit vi ikkje, men eg skulle tru at ein stad å bu var viktig og difor vart vel kanskje huset prioritert fyrst.
Her på Plassen fødde etterkvart L.P. 2 kyr 4-5 sauer og 5 menneske og dei lei inga naud det vi veit i dag. Lars Petter laga elles trog, sovlar, auser og og mykje anna for salg/byte og slike varer var alltid med på kjelken eller på ryggen når L.P. skulle til Sylte. I tillegg reiste han rundt som gråsteinsmurar.
På oppsida av huset hadde L.P. planta 1 Pæretre, 1 Sefstaholm og 1 Gravensteintre og på vestsida langs husmuren nokre Solebærbusker og då var vel den vesle hagen full--. L.P. dyrka opp det som heiter Fagrevollen og rydda der i hop to store seinrøyser og i den eine mura han seg inn ein stol. Graset til dyra elles henta han i Lars Petter gjæra. (Sjå dikt av Martin:"Husmann Lars" og "Leif".

L.P. var ein ivrig fangstmann og han dreiv alle vintrar med mår og røyskattfeller i Hjelmamarka. Så snart snøen kom, traska han markane rundt på tryger for å røkte fellene sine. Men han røpa lite om fangsten til småkarane som dagleg var på besøk, men litt fekk dei utav han likevel. Han brukte kjøttmeis og ikorn til foldeagn og i tillegg smurde han på noke som han kalla "Vilelsje",men det siste er framleis ein løyndom. Dette var for å ta vekk menneskelukt frå foldetrea. Elles var hestemøker eit godt middel til det same. (Sjå mårfoldene).Når loftsgluggen sto open hadde L.P. skinn til turk og det var ikkje så sjeldan, han røpa og at han ein gong fekk heile 400 kr. for eit mårskinn og det var ikkje småpengar i dei dagar, ca1930. Sjølv ein snarefanga katt som Martin hadde fått, flådde L.P. og etter avtale med Martin delte dei det som dei fekk for skinnet, kr. 1,50!

Huset

Og huset han kjøpte var ei to etasjers nystove i Rasmusgarden på Omenås. Denne bar han stokk for stokk og fjøl for fjøl på skuldra over elva, og bygde det heile opp på nytt.Denne stova stod i klyngetunet på Omenås fram til 1905 og vart sikkert riven i samband med utskiftinga der. Som vi ser av bilete, er stova ikkje så stor, men den var i to etasjar så det vart nok mange vender over elva og mange våte buksebein. Når småungane frå den eine eller andre sida skulle på vitjing på andre sida fekk dei tinge seg plass på ein av tømmerstokkane som L.P. bar på skuldra medan han vassa over elva.

Plasseløa

Løa på Plassen sette han opp av naustgrinda frå Osvika etter å ha fløyta denne til Sylte før transport til Hjelma. Tømmeret i fjøsdelen kom frå den før delvis nedbrendte Stin-stova (Sjå om Hau-Stin)----Eg kan sjølv hugse desse svartbrende stokkane i fjøsveggen.---- Ei raudmåla dør med namnet Grønning?? på var fjøsdør, og ei grønmåla gjekk inn til doen. Kva som var opphavet til desse er det nok ingen som veit i dag.
Under ein samtale med onkel Mons 90 år -97, fortalde han at han var med som smågut og skulle legge ny takspon på denne løa og Lars Petter hadde hogd åre (Gråor) til dette. Eg protesterte, "Åre er for dårleg og rotnar med ein gong". Nei det var ore sa Mons, og vi kokte den i Blåstein!!, og deretter gjerne innsmurt med tjøre. Der og då gjekk det eit lys opp for underskrivne: Åren er lett og kløyve, den er stabil,formendrar seg lite og innkokt med Blåstein og tjøre så vart den dermed ikkje ulik den fyrste takpappen som var i handelen, cellulosefiber med tjøre!!! Snakkar vi om gamal kunnskap ??

Sæterfjøsen

Denne er mura av stein opp til rafthøgde, over her var det treverk i sperrer og tak og i begge dei to gavlveggane. Båsbolkane var og av store steinheller sett på kant.
Under muringa av denne fjøsen skulle L.P. lyfte opp ei stor helle og drage ei anna fram, hella datt ned og knuste høgre handa , og L.P. fekk seg eit opphald på sjukehuset og var ufør i lengre tid etter dette.
I dag står berre muren att etter denne.

Lars Petter selet på Hjelmasætra

L P hadde bygt seg eit lite bordsel her like inn til fjøsen sin, ein kan i dag framleis sjå muren som måler 2,2 . 3,00 m. Denne bordhytta kjøpte LP i Heggen, den var i si tid vakttårn i røvegarden der. Selet vart på 50 talet kjøpt av Lars Valdal f.1935- (240 Valdal) som bar det ned og frakta fram i Valldalsbotnen (Fremstebotnen) og der oppsett til den fyrste Storresbua ved Fremstevatnet. Denne er seinare erstatta av ei tømmerhytte.

Tekst Eystein Hjelme 07.

Husmann Lars

I barneåra eg ofte vanka
I husmannsstova på heimegard
Han gamle Lars sat der smia, banka,
hola trog og banda kar.

I stille kveldar, ved oljelampen,
Han tok meg med inn i ei anna verd,
han mulla litt om helheimsgampen.
Men helst om sjæler på himmelfærd.

Han hadde vist sett både troll og tussar.
Fossegrimen og huldrekyr.
So song han viser om dyr og nissar,
Og hylla kvelden i eventyr.

Når eg kom innom eg spurde og masa,
Om før i tida og ungdomsår.
Då glytte han litt over brilleglasa,
Og ba meg vare min unge vår.

Han la burt diksla og merkekrita,
Og turka sveitte av dei barka kinn.
Han stappa tobakk i sølvlokpipa,
Og tok meg med i sine minner inn.

Då eg var ung,var eg vill og galen,
Og tulla burtmine beste år.
Ei bryllupsnatt det burt i Dalen,
Eg gav ei jente so vondt eit sår.

Eg ville røma frå heilegreia,
Eg var då endå i mine ungdomsår.
Men det var det som var iveia,
Ein får hauste, slik som ein sår.

Eg hadde ordna meg slik i det stille,
Med reisepass over det store hav.
Det var nok tanken, og det eg vilde,
Feig å lurt få stikke av.

Det gjekk mot våren der inne i Vika,
Eg sat i båten, skulle skute frå.
Då kom far og la handa si på ripa,
Og ba meg,--- ikkje å røme ifrå-

Eg lydde far min og steig på land,
Og tok i mot det eg viste kom.
So gav eg jenta mi arbeidshand,
So no får eg vente på Vårherres dom.

Eg sleit og kava. Å ja---i fylla vasa.
Eg mura til fjøs og bru,
Og som du ser eg fekk handa krasa,
Ja slik eg tulla å du – å du.

Det vart so få av dei gode dagar,
No hev eg lite av tida att.
Det vart soleis for oss laga,
Slik leve livet som hund og katt.

Han sukka sårt over liv og lagnad.
Og ba meg tenkje på livets veg.
Du møte vil både sorg og fagnad,
Men finn ei jente som er glad i deg.

Åra gjekk—kontakta med Husmann Lars hadde eg nok.
Men ikkje som i barneåra.
Eg hadde vel som andre unge, flakka litt rundt, og eg
Hadde funne den jenta, som han so hjarteleg yngste meg.

Den 9 april 1940 fann eg fram kortet der det stod:
”Møte utan nærare ordre”

Og so kjem her mitt siste møte med Husmann Lars.

So kom den vonde vårdagen,
Eg skulle stille i kongens klede.
Der inn ved Setneshagen,
Til kamp mot tysklands hær.

Då fann eg atter vegen,
Til gamle Husmann Lars.
Han låg den siste legen,
Mot slutt av livsseilas.

I tåreflaum han hikste sårt,
Og rekkte fram si krasa hand.
”Kor går det no med folket vårt”?
”Gud signe deg og Norigs land”

Martin Hjelme.

Share to