• Photo: Ukjend (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjend (Opphavsrett)

Frå storby i Litauen til Førde

Den 23. desember 1969 vart eg født i Kaunas, den nest største byen i Litauen. I ein familie på fire var vi far, mor, storebror og meg. Vi var ein ganske vanleg familie. Eg har vidaregåande utdanning som skreddar, men jobba som servitør på grunn av dei urolege tidene som var i landet då Litauen gjekk ut frå Sovjetunionen 1991. Mange hadde problem med å finne arbeid, derfor begynte folk å leite etter arbeid i andre land.

Høyr Nomeda fortel om reisa frå heimlandet.

Eg hadde aldri tenkt å flytte frå Litauen permanent, men av og til skjer noko som du ikkje trur kan skje. Då eg fekk tilbodet som avløyser på ein gard i Noreg, høyrdes det så spennande at eg ikkje kunne seie nei. Førsteinntrykket av Noreg var litt spesielt sidan Litauen er eit flatt land og Noreg har mykje fjell. Det var ganske tøft i byrjinga då eg kunne ikkje språket, og kunne ikkje kommunisere skikkeleg, men det gjekk bra til slutt. 

Møtet med bygda

Etter tida som avløysar gifta eg meg i Noreg, og fekk to barn som heiter Kristian Verner, og Anstein Jonas. Eg hadde og ein gut frå før som heite Dovydas. Eg jobbar i kantina på Sentralsjukehuset i Førde.Vi bur i Førde. Eg håpar at vi lukkast vidare i livet.
Nomeda om framtida.

Intervjuet er gjort i samband med prosjektet Mangfaldige arkiv ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Høyr heile intervjuet.

 

Share to