• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1909 : Eit ordskjifte

"..........diktararne, dei som er sende av Gud til aa tolka ljoset for mannaætti.

So kjem gramatikken glyttande fram. Turr og skrinnlagd stend ho der og skjæller...."

                 Solglytt

             Eit ordskjifte

Det var ein kveld i skymingi.
Elden dura og braka i omnen og la ei sers hyggje yver romet. No var det koselegt aa sitja inne aa kvila etter det slitsame arbeid. Silregnde gjorde det og kaldt og ufyse var det paa dei som ute var.


Medan eg sat slik aa tenkte paa alt og ingenting og saug paa mi gode snadde, høyrde eg det surra burte i bokhylla. Vegjelus og slikt krek meinte eg vera fri for, so eg kunde i fyrstningi ikkje skyna kvar suringi kom fraa.
Daa eg røkte nærmare etter, vart eg var, at det var bøkene i hylla, som heldt ordskjifte.

Soga vart noko romfræk tykte botaniken og so skubba han til ho, so ho dreiv burt i den eine enden av hylla. Men det var meir enn soga kunde tole, og so bar det laust. Soga meinte ho hadde fullt so god rett til hylla som botaniken, for av henne kunde folk læra svært mykje. Ho syner livet i voksterdrag, stydjer og gjev folket raad.
Ho syner det rengde og sjeive som endaa er og manar til og ”bygja aa bøta med bot som duger,, gjera verk som varer til ordi øydest.” Land og folk kunde soleis faa stor nytte av aa granska henne.

Men kva hadde so den fille botaniken og setja upp modt det? Botaniken tok so ordet og preika um kor naudsynlegt det er for folket a hava greide paa tre og blomar.
Bakteriarne, som legg seg kvelande yver mannaætti tek ho og fram og vil folket skal vera var um seg og freista kverka deim.
Soga tek frami og segjer at folket fyrr i tidi klara seg godt utan aa vita slikt, og aldri saag ein stautare menn enn gamlekararne. Og det som gjorde dei til slike kultar var, at dei livde mest av graut og grov kost og det reinska or kroppen baade bakterier og anna rusk og pakk.

Det er greidt aa skyna at soga sigra i striden.

Fysiken hadde stade aa lirka aa lura bak botaniken og vaaga seg ikkje fram, daa striden var paa det heitaste; fyrst daa han endeleg tok til aa stilna la han seg fram i. Han heldt fram, at naturfag var det beste folket kunde setja seg inni, og dersom dei gjorde seg til nytte dei store naturskriftene, so vilde dei spara seg for mykje slit og stræv -.

Boksoga stend trygg og traust ved sida av heimsoga, og ho tek i og svarer. Ho segjer, at kor gjæv og gild naturfagi kan væra, so kann dei likvel ikkje hamla upp mot det som ho hev og læra folket; for ho fortel om diktararne, dei som er sende av Gud til aa tolka ljoset for mannaætti.

So kjem gramatikken glyttande fram. Turr og skrinnlagd stend ho der og skjæller paa landkunna som ho tykkjer er ei fæl bok mot ho sjølv er. Det enda med at landkunna tek rygtak med gramatiken og bøygjer han baade ”sterkt” og ”linnt”, og det var ikkje fritt for ein kunde høyra ein ”avlyd” med det same.

Lenger nede i hylla stend ”Hans og Margit” og slest med forklaringi. Forklaringi meinar at fyrst og fremst maa ein læra skaparen aa kjenna og kva meining han hev med mannaætti, so kann dei verdslege fag koma etterpaa. Men ”Hans og Margit” vil at ungdomen skal sjaa paa livet ”fritt og lydt” -.

Til slut hev dei samla seg, landsmålbøkerne og riksmaalsbøkerne paa kvar si sida i hylla, og slæst gjer dei paa harde livet. Riksmaalsbøkerne tenkjer no dei skal mykja landsmaalsbøkerne, for dei skubbar dei or vegen og alt vondt dei hev gjort dei.
Det saag spelegt ut for landsmaalsbøkerne no, dei hadde fenge heile riksmaalshorgi paa seg. I denne naudi kom Ivar Aasen og Aasmund Vinje fram med sine bøker. Dei stod der midt i faaren [og] med sine rotrivande skrifter og klaare tankar dreiv dei riksmaalsbøkerne til veggs.
Dei kom daa hine stod raadlause og hugheilt og djervt la dei seg i selen, so dei tilslutt fekk kverka heile riksmaalherket.

Og hine landsmaalsbøkerne bøygde seg for dei med takk og vyrdnad.

” S.”

Bladstyrar J. Thune

 

 

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstane rett?

 

Share to