• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1909 : Fraa Guddalen

Som tegn paa at landsmaalet hev fenge godt rotfeste, kan seiast at av aviser er her berre GULA- og SOGN TIDENDE, det er no øye gode avisblad baae.

                      Fraa Guddalen


Me hev no fint ver for aa vera midtvinters og det er eit stort gode for os Guddølingar som er so høgt til fjelds. Me hev foresten ikkje lite snjo heruppe, gaar hjamhogt med brokeningi paa karfolki.
Rjuparne er nøydde til aa søkja heim, og skyre er dei net ikkje korkje liarjupa elder askerjupa.

Som de kanskje før veit var høysten heruppe sværande gild på høy i sær, siruphausten var helder ikkje aa klaga paa. Men poterne var det småt med, net so mykje me hev til aukar og potesgraut.

Garnfisket slog godt til i summar ei stund, so her vart uppfiska ei heil mengd flaskeroter. Men so kom loven med sine lange fingrar, tok garni og forbaud sovore fiske for ettertidi.

Avdraatten av beisti var svær i sumar, dei hadde det so mykje forætande godt i fjelli maaveta. Eg veit her var dei som selde for yver tjuge kroner i smør og det maa ein seia var pent.
Sauerne fek me bra tilrettes i haust, det var net han Jakob Furukollten som var noko uheldig.
Han miste eit av penaste lammi sine, men det skulde hava so fælande ilt i livet daa dei styrte det av i vaar, seier dei, so dei venta ikkje anna enn at dauden vilde taka det.

Det gjekk godt med bakingi i haust, for det var slig velsigna godt ver i haust, so steikjeveden var knøskande turr, og jamen var det eit stort gode for dessa velsigna kvinnfolki, som lyt stræva seint og tidleg.

Smaagrisarne hev halde seg bra i pris, kvikke og uppvakte grisar hev vore betalte med smaavedpris.

Kvinnfolki her hev vunne seg so langt, att dei røykjer tilliks med karfolki, so det lyt ein seia er mannsvesen. For naar kvinnfolki i andre høve vil staa like höyt som mannen, kvifor ikkje røykja og tyggja tobak, det skal no vera so helsig, seier dei.

Ei stygg ulukka hende her ein dagen. De kjenner vist alle han Isak Haugen, han som fekk gjifta fraa Babben dotter hans Gjert. Eine kyri deira hadde slite seg paa baasen, og kome fram paa golvet, hadde so rudla i venda og brote av seg rumpa og eine øyra. Det var ein tung støyt for dei stakar, som sit so tungt i det før.

Folki her kring gardarne hev til dessa vore svært plaga med loppar. Det maatte no vera det gode haustveret som var skuld i det. Mange hev lege i lødorne av det same, for inne var ikkje levande plat.

Sist sundag var her preik , og Presten snakka um at me maaatte vera einige og gode naboar. Eg var tilfreds det vilde gjelpa, for jamen kunde det turvast, um det vart noko betre. So var her lyst brudlaup for han Markus i Gjeri og ho Brita paa stubben. Dei skulde gjifta seg naar berre han Markus faar slagta den store grisen, han hev staa-ande i gjødsla.

Som tegn paa at landsmaalet hev fenge godt rotfeste, kan seiast at av aviser er her berre Gula- og Sogn Tidende, det er no øye gode avisblad baae.

Der hadde vore tjuvar ei nat hjaa han Per Haugen. Dei hadde teke ut eldhusglaset, og smoge seg inn der, dei hadde stole beste sjorta til kjerringi og eit spilder nyt saapestykje.

Den sjikken aa gaa til gjenterne fær til aa verta avlagd, no sidan fjoslemmerne vart ubrukelege, aaja radt fritt er det no vist ikkje heller, det slengjer no vist ein og annan um laurdagskvelden.
Elvi vår kunde me faatt selt herum dagen, so der hadde vorte pengar og tent, det hadde vore godt for mange det tenkjer eg. Men det vart ikkje til noko. Det var som ho sa kjerringi: Det var slike kjekke gutar, og altid so kom dei godt av med det, for det som den eine vilde det vilde ikkje hin, sa ho.

Guddalen den 19-1-1909


Bladstyrar : J. Thune

 

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstane rett?

 

 

Share to