• Photo: Carl Gustav Normann. Postkort. (Opphavsrett)
  • Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: KK Bergen. KK pk 2365a. (Opphavsrett)

Vegen gjennom Tokagjelet

Menneske mot natur 

Sjølv om vegen gjekk gjennom eit par små tunnelar og halvtunnelar, hang størstedelen nærast utanpå fjellsida. Det er ikkje vanskeleg å forstå at heile prosjektet må ha fortona seg ganske umogeleg då anleggsarbeidet tok til. Men dette var tida då mennesket skulle overvinne naturen. Og Tokagjelet blei erobra.

Med ei køyrebreidde på 2,5-3 meter blei vegen likevel fort for gammal for den aukande trafikken, og då hovudvegen i Hordaland ved midten av 1950-åra skulle utbetrast, var Tokagjeldet den store flaskehalsen for ferdsla mellom Bergen og Austlandet. Det blei klart at noko måtte gjerast. 4 nye tunnelar ned gjelet blei løysinga. Utanfor desse finn vi framleis den gamle vegen.

Gamlevegen 

I tillegg til dei 4 bitane av gamlevegen som framleis finst utanfor tunnelane til Rv 7, finst ein om lag 100 meter langt, tilgrodd og bortgøymd, men godt ivareteka vegsløyfe i dalen nordaust for Tokagjeltunnelen. Her ligg også ei av dei 4 bruene i Tokagjelet – ei steinhellebru. Dei 3 andre er alle utlike typar – stålbjelke-, betongbjelke-, og steinkvelvsbruer.

Vegen hadde opphavleg eit vegdekke av grus og sand, men etter kvart som trafikken tiltok blei asfaltdekke lagt på. På innsida av vegbanen reiste fjellveggen seg, og ut mot den stupbratte dalbotnen stod stabbesteinar som ein vernande tanngard. For i det heile teke å kunne køyre bilar i begge retningar samstundes, måtte ein lage små møteplassar – der dette var fysisk mogeleg. Eit ruteselskap drive av stortingsrepresentant Sverre L. Moe frå Kvam, fekk i 50-åra til og med skreddarsydd bussar tilpassa høgda og svingane i Tokagjelet.

Krigsspor 

Dei to gamle tunnelane i Tokagjelet er tekne vare på, og inne i den nedste finn ein endå til restane etter ei anleggssmie. Frå tunnelen og vidare nedover vegen er det hogd inn til saman 15 kors i fjellveggen, omtrent 1,5 meter over bakken. Desse stammar frå tyskarane si underminering av vegen under andre verdskrig. Dynamitt blei plassert i 6-7 meter djupe, nedsprengde hol i vegbanen, under markeringskorsa. Inne i tunnelen er det i tillegg hogd inn 12 hol høgt oppe på veggane. I desse sette tyskarane dynamittkasser, med same føremål som med undermineringa: Å kunne sprengje vekk vegen om «fienden» prøvde å kome seg gjennom Tokagjelet.

Skarp sving 

Nedst langs gamlevegen i Tokagjelet passerer ein eit artig vegskilt, trekanta og heilstøpt, som varslar om ein skarp sving. Dette markerer også at vi kjem ut av dei barske og brutale klørne til gjelet. Herifrå kan vi skode utover det opne, rolege kulturlandskapet nedanfor i den grøderike Steinsdalen, eller sjå oss tilbake på Tokagjelet, og vegen som stridlynt klamrar seg fast til fjellveggen. 

Freda

Den gamle vegen frå 1907 gjennom Tokagjelet har nasjonal verdi som veghistorisk kulturminne og vart i 2009 freda etter kulturminnelova.

Share to