• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1910: Fraa gamle dagar

Det var ei stor væn bygd. I bygdi var det mange store, og namngjetne men. Bygdi var seg sjølv nok.

Fraa gamle dagar.

Det var ei stor væn bygd. I bygdi var det mange store, og namngjetne men. Bygdi var seg sjølv nok. Dei einskilde menner var og seg sjølv nok, og skilde seg ut i smaae ”klikkar”. Støt var ”klikkarne” usamde og sat etter kvarandre.
Splitord og utnamni høyrde til dagens orden.
Det skulde ikkje meir til, enn at daa fire vyrelege menner kom saman og skulde skifta eit anker brennevin, dei hadde fenge fraa Bratholmen, og ei tunna øl, dei sjølv hadde bryggja – paa raude rappen vart heitande ”Bolaget”.
Ikkje berre det, umframt at dei liksom var ”Bolaget”; har kvar for seg desse utnamni: ”Paven” ”Smetten” ”Aftenrøden” og ”Sleipner”.
Korleis dei hadde fenge slike utnamn? Aa jau, det skulde ikkje mykje til i den bygdi, for det var ei fæl bygd, - ei bygd det stod blaast av.

Det var paa eit lambamøte ”Paven” fekk sit namn. Dei ordskiftest endaa til um aa kjøpa ein stamver og so kunde dei ikkje verta samde, um dei skulde hava ”Chiviot” eller ”blakfeet”.
No hadde ”Paven” vore paa landbruksskule i sine unge dagar, so han tykte kje det var av vegen um han hadde eit ord med i laget. Og han tok til som ein ”theologisk” kandidat skulde preike til bispen.
”Naar jeg forlanger ordet for at udtale miig i denne vigtige sag, saa er det ikke av den grund, at jeg anser mig for at vere ufeilbar som en prøve paa - . Meir skulde det ikkje til.

”Smetten” heldt seg mykje til dei ”gudelege”; og tykte han ikkje godt kunde banna, men sa berre ”smette meg”, naar det var eitkvart. Sjølvsagt vart han heitande ”Smetten”.

”Aftenrøden” var døypt av sjølve presten, so han kunde bæra namnet sit med æra. Det var endaa til um hausten, daa han kom fraa byn, hadde vore stad med storestuten.
Dei var fleire gode karar ilag; og det skorta ikkje paa ”drikkesaker” og daa dei steig i land um kvelden var ”Aftenrøden” raud som kokte hummaren.
Kunde han, heldt han seg alltid ilag med dei store, og stødt tala han dansk.
Denne kvelden fekk han auga paa præsten, uppaa bryggja, reite so beint burt og slog honom fortrulegt paa aksli: ”Det er vakkert veir vi har ikveld!”
Men præsten kunde svara han: ”Ja, og saadan en deilig storartet aftenrøde.”
Det var nok; han fekk heite ”Aftenrøden” alle sine dagar.


”Sleipner” hadde fenge namnet sit eingong han skulde skrive etter brennevin til ”Bolaget”. Han fekk kartera til ”Sleipner” so ikkje den skarne handelsmannen fekk greide paa det.
Det var avgjort at namnet hans var ”Sleipner”.

Torsdagen var desse fire kararne samlad hjaa ”Smetten”. Dei sat i budi og skulde skifta ei tunna øl og eit anker brennevin.
Alle var dei stilt til hus komne so nær so ”Paven”; Han var komen til gards skranglande i den nye stol – fjørkjerra si. Det var nett daa stolkjerra kom i bruk. ”Paven” vilde ikkje vera minste mannen. Fekk so ei fraa Rokne han, og det var andre greider, enn det som dei spikra i hop her i bygdi. Dei tala um dette og smaka paa ølet.
”Smetten” hadde smaka paa det fyrr, so han var i godlag, og svalla um høvelegt og uhøvelegt. Tok til aa leiggja ut, um kor skjikkelegt menekje han var. Og det vilde han vera og, for ein stod seg paa det.
Sjaa no berre kor det var med smalen her paa garden fyrr.
Dei miste i massevis; slik byrja det, daa eg tok mot garden og.
So var det ein sumar, eg poga tilfjelds at eg lova med meg sjølv: Fær eg att alle til hausten, skal eg gjeva eit lamb til Oftedals Vaisenhus.
Aa jamen kom dei att allsaman, og det same hev eg gjort no i 7 aar.

Eg gjerer det slik at Oftedals fær kjøtet, kvindeforeningi fær ulli( heddningemisjon ulli), og foreningi for indremisjon fær sjinni.

Folk var mest alle stadar lagde, daa dei for paa heimveg desse kararne. ”Smetten” og ”Sleipner” stræva hardt med aa faa ”Aftenrøden” uppi ”Pavekjerra”. ”Paven” greide seg saa vidt sjølv, men øldunken var verre enn ”Aftenrøden” og.
Jau det gjekk, ”Sleipner” drog seg varlegt uppaa kuskesæte og i veg bar det. Det var gut som kunde kjøyra. ”Paven” ein taum i kvar neven, med dubbelt kast um, nevarne langt fraa einannan og taumarne strakte.

Dei kjøyrde alle slik der i bygdi, dei hadde lert det av ein ”bergensar”, som var heime der um sumaren. Jau, det tok seg ut. Burte i Ligrendi skulde ”Aftenrøden” og ”Sleipner” stiga av. Men ”Paven” ei heil flaska i lomma; (det var noko som ikkje låg paa den store krukka hans) henne skulde dei styrkja seg lite av ,no tilslutt.
Medan ”Paven” og Aftenrøden” pusla med flaska gav ”Sleipner” seg nedatt av kjerra; fekk han so ”Aftenrøden” til aa leiggja seg paa kne, snudde sjølv den breide ryggen til, og so var ”Aftenrøden” og berga… No ”Paven” var aaleina brydde han seg ikkje um aa kjøyre paa.

Han tok til aa sygja paa visa hans Lars Kvaal og inni millom tok han seg ein skurd av flaska, og daa han var komen burt til Svithusbekken, var flaska tom, og ”Paven” full.
”Er du tom no din trave” sa han, so skal eg hjelpa deg avdage, og dermed smelte han flaska i forstøtningsmuren, so flisarne dreiv.
Men dette tolde ikkje merri, ho skvat tilsides, gjorde eit fælt byks – og det neste hjulet for utfyre skraaningen – og kjerra velte.
Det stod ein stor gamal ask atmed vegen. Erverdig som alt i bygdi hadde han stode der i aarhundrader, men maken til vask, som den han no fekk, hadde han aldrig havt.
Brennevins-krukka rauk sund midt paa askeleggen! Gausen stod og flisarne fauk.
Ølkoggen gjekk fri asken, kom ut paa ein hallebakke, skaut skjotare og skjotare i veg, kom so ned paa ei flata, og med dun og dunder stogga han med fjøsveggen aat Jens i Træ.
Kyrne skvat up av sin søte svevn, og gav seg til aa storbælja. Jensen kvakk upp av staaket burti fjosen, reiv paa seg broki; og for avstad skulde sjaa kva som var tiss.
Han trudde det var høytjuvar, so det var best vera var, difor tok han breidbila si med seg. Der laag minsanten ein so lang han var nedmed fjosveggen. eller kva kunde det vel vera?
”Er det folk, som ligg her? skreik han og trødde i marki. Koggen murtagde.
– Han trudde ikkje paa trollskap, Jensen. kven trur vel paa det i vaare dagar – men dette saag ut til noko av kvart. Di meir han fura di verre vart det.
Sistpaa tok rædsla og sinne han. so han ikkje raadde seg lenger, og trugande skreik han ”Er det folk, so fær dei svara, eller so”; - Men det svara ikkje og dermed sende han breidbila alt han evla.
Det laut vera ein hardhaus, for det small fælt, og livande vart det, for det tok til risla nedmed løbarstaket og klunka og fræsa og laata so undarleg, at Jensen tok paa sprang inn i stova, der han mest skræmde vitet av kjerringi.
Daa verste rædsla var yver, fekk han tenda lykti, og gjekk stad vilde lysa. Jau, der saag ut!
Han grunda ikkje lenge, han skynar kvar dunken var komen fraa, og so rusla han i veg, upetter bakkarne, skulde sjaa kor ”Paven” tok det.
Jau, der for ”Paven” og kraup paa alle fire, og snakka med seg sjølv. ”Kvar skal du av, Ivar”, sa han, kvar skal du av? til jenterne veit eg?
Jau, du gaa til jenterne du! Kor var det med deg den gongen du gret paa havet? Daa var du kruk til kar – trava til kar – graata paa havet!

Men um ”Paven” er ute og kjøyrer etter denne dagen, vert han i rasande ulag, um dei kjem paa venstre sida av stolkjerra hans, - for det er ei tinda der som ikkje er arbeidd hjaa Rokne paa Vossevangen-----.

Ein Harding.

 

Bladstyrar John Thune.

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstene rett?

Share to