• Photo: Ingvil Eilertsen Grimstad (Opphavsrett)
  • Photo: Ingvil Eilertsen Grimstad (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Sverre Brudevoll (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kunstnarliv på søre

Søre Sunnmøre har ei rik historie, men det er langt mellom dei som har sett spor i kunsthistoria. Folk har hatt anna å tenke på. Nokre stjerner har det blitt likevel.

Tre store – opp av ingenting?

Eg velger meg tre kunstnarar; Johann Osness frå Ulsteinvik, Olav Strømme frå Ørsta og John O. Riise frå Hareid. Dei var fødde på feil kant av landet, i eit tid då det knappast fanns kunstutdanningar, og dei vaks opp i tronge kår. Dei aller fleste som levde under slike forhold på begynnelsen av 1900 – talet vart ikkje kunstnarar. Desse tre klarte det.

Billett til eit anna liv

På Flø står forsamlingshuset Vonheim, teikna i 1927. Det er teikna av ein av dei viktigste norske arkitektane rundt forrige århundreskifte. Dei fleste bygningane han teikna står i Trondheim sentrum. Få er klar over at arkitekten heitte Johann Osness, og at han kom frå Iverhaugen – garden, på Osnes i Ulsteinvik.
Johann vart fødd i 1872. Foreldra hadde ein liten gard, i tillegg til fisket. Johann var yngst av åtte born, og det må ha vore eit hardt liv. Likevel fekk Johann løyve til å gå på Middelskolen i Volda. Han var med i det aller første elevkullet derifrå. Sjølv om Johann hevda at foreldra aldri skjønte seg på teiknegledene hans, må dei ha skjøna at skulegongen var billetten til eit anna liv. Med gode evner kunne ein kome seg vidare. I 1893 begynte han på Trondhjems Tekniske læreanstalt, og han hadde eit sju månaders studieopphald i Berlin. Den dyktige arkitekten tok seinare over arkitektkontoret der han først var tilsett som assistent. Rundt 1900 var Osness ein veletablert mann. Han hadde gjort ei klassereise.
 

Fødselsklinikk, bank og jugendstil

Hans viktigste prosjekt var E. C. Dahls Fødselsstiftelse (1903). Osness har teikna den vakre fasaden.
Han teikna også Trondhjems handelsbank (1906). Den er forblenda med hoggen stein, noko som var høgste mote på denne tida då ein søkte etter ein nasjonal arkitektur. Osness vert rekna som jugendarkitekt. Bygningane i Trondheim er bygd etter planteprinsippet. Det kan sjå ut som at bygningen gror opp av mursokkelen. Alt skulle vere i ein heilskap, også dekoren som Osness var særleg dyktig i. Som ein ekte jugendstilkunstnar teikna han mykje av møblement og lampar sjølv. Han leverte teikningar til oppattbygginga i Ålesund, men berre eitt av husa vart oppført.
Då han døydde i 1961 stod det i ein nekrolog: ” Han var en stillfarende mann som ikke ruvet i bybildet. Det overlot han til de bygninger han reiste”.
 

Kunstblikk på kvardagsliv

Olav Strømme (1909 – 1978) frå Ørsta kom frå ei kunstnarfamilie. Faren, Ola, var ein fargerik type som skreiv dikt, og mora Jenny Ulla var ei dyktig forretningskvinne. Onkelen og målaren Karl Straume vart eit viktig førebilete for Olav.
Strømme vert rekna som ein av dei viktigste norske kunstnarane i det 20. århundre. Gjennombrotet kom på 30 – talet, då han begynte å male motiv frå byen og sildefisket. Både motiva og malemåten braut med det meste på den tida. Han lei dei idealiserte bileta av stabbur og austnorske dalføre som prega det norske kunstlivet, og mala heller kvardagslivet og naturen på Sunnmøre.
 

Draumen om byen

Ørsta vart, som ved eit trylleslag, til ei industribygd då Grepa- fabrikken vart utbygd. I fiskeflåten skjedde det ei tilsvarande utvikling. Dei store fiskebåtane tok over for dei små, noko som førte til stor vekst i byen Ålesund og tilsvarande omstilling for dei mindre sunnmørssamfunna. Strømme var opptatt av endringane. Han var fascinert av livet i byen, og nokre av dei beste bileta hans handlar om alle muligheitene og draumane som samlar seg i byane.

Frå Voldajazz til sildefiske

I oppveksten budde Strømme fleire år på Hamar, men i ungdomsåra kom han tilbake til Volda for å gå på skule. Her vart han kjend med jazzen, som følgde han resten av livet. Då han i 1930 flytta til Oslo, for å begynne på Kunstakademiet, var det i jazzmiljøet han møtte dei andre unge framoverstormande kunstnarane. I 1938 tok han med seg kunstnarane Rolf Nesch og Sigurd Winge på sildefiske på Mørekysten. Opplevinga sette sterke spor i alle dei tre sine kunstnarskap.

Fotograf med pensel

Utstillinga ved Henie Onstad Kunstsenter i 2006, med John O. Riise (1885 – 1978) frå Hareid, vart omtalt som ein sensasjon. Dette skjedde åtti år etter at han laga dei finaste bileta sine.
Riise sine foto var heilt uvanlege i Norge, noko som forklarer kvifor det tok tid før han vart anerkjend. På tjue – og tredvetalet deltok han ved ei åttitals internasjonale utstillingar. Paris var viktigst. Der fekk han ein verkeleg beundrarskare. Franskmennene likte at han manipulerte, dobbelteksponerte og fargela fotoa. Dette braut med ideen om at foto skulle vere meir realistisk enn maleriet.
Riise fnaus av dette, og meinte at dersom foto skulle kallast kunst så måtte kunstnaren gripe inn. Fotoet Negrisme femme vart vist i Paris i 1925, og viser korleis han la negativar oppå kvarandre og skapte surrelistiske figurar med kubistiske trekk. Berre fantasien set grenser for kva denne kvinna med maskeansiktet kan bere på.
Riise kom frå ei svært kunstinteressert familie. Faren Rasofiel var ein kulturberar. Han ville verte kunstmålar, og i 1877 gjekk han til Kristiania for å gå på målarkurs. Mora Augusta Liavåg døydde då ho fekk det tolvte barnet. Det må ha vore tøft. Likevel oppmuntra Rasofiel borna sine til å satse på dei kunstnarlege evnene sine.
 

Kunstlivet gror

Både Riise og Strømme kom frå svært kunstinteresserte familiar. Dette var avgjerande for at dei kunne sikte seg inn på ein slik veg. Johann Osness er noko for seg sjølv. Det å sende fiskarbonde – sonen på skule i Volda må ha vore økonomisk krevjande. Det fortel at ting var i ferd med å endre seg. Det vart lettare å velge seg ei framtid.
I dag er det enklare å satse på kunstnarvegen. Både vidaregåande, Kunstfagskolen i Ålesund og Høgskulen i Volda har kunstfaglege tilbod. Å lykkast er ei anna sak. Det er framleis eit spørsmål om evner, hardt arbeid og å ha noko på hjartet.
 

Share to