Fiske etter sild og laks

Dra til Kinn og bli rik

Av Kristian Jansen

 Så langt bakover vi veit, har kvart århundre hatt sin store sildeperiode, sjølv om innsiget ikkje alltid kom på Vestlandet. Ein av dei aller største periodane her hos oss var på 1800-talet, og i 1850/60 åra var fisket ved Kinn det dominerande. Sjølv om få av fiskarane budde på Kinn, er fiskeria rundt øyane vest av Florø kalla for Kinnafisket, og det var vide kjent for sin rikdom. Silda har vore svært viktig mat for nordmenn og eit viktig næringsgrunnlag for dei som kunne ta del i fisket. Så lenge dei rodde fiske, kunne alle delta, også folk frå indre bygder. Havet var ein allmenning, fritt for alle å nytte. For eksempel hadde stardølene naust i Førde slik at dei kunne komme ut på feltet når ryktet nådde dei om at det var godt fiske det året. Fjordafolket kunne velge om dei ville gå i skogen eller dra på fiske. På den måten slapp dei å utruste seg i ein dårleg sesong, mens folk på kysten måtte fiske fordi fisket var hovudnæringa. Jordvegen var for mange så liten at han ikkje var eit fullgodt alternativ som livsgrunnlag. Det vanlege for fjordafolket var at dei salta og tok med seg det dei sjølve skulle ha, og det dei hadde avtale om til slekt og naboar. Resten blei avhenda til oppkjøparar. Folk på kysten som hadde eigne buer, salta det dei kunne av eigen fangst og selde ferdig spekesild, i hovudsak i Bergen. Denne var langt betre betalt enn den ferske silda.

 Så lenge fisket ved Haugesund var dominerande, var Sogn og Fjordane overlete til seg sjølv. Mannfolka fiska og kjerringane var på buene og salta. Etter at sørafisket tok slutt, kom fiskarar sørfrå, og store saltebuanlegg blei bygd opp av handelsmenn sørfrå og nokre lokale. Dei meste kjende anlegga var på Fanøya i Batalden. Med kjøpmennene sørfrå kom og «ganejenter». Desse kverka og salta sild og utkonkurrerte dei lokale kvinnene på saltebuene. Mens fiskarane sørfrå ofte budde på losjiskip, var det tradisjon her i fylket at folk frå «dalstroka innafor» tok inn hos folk som budde på øyane. Så mange 50-øringane kosta det ikkje å bu der i sesongen, men kontante pengar hadde ikkje karane frå fjorden for mykje av. Så ofte betalte dei for seg med produkt som dei hadde med heimanfrå. Dette kunne vere ymse treting som kjørel, reiskap og ikkje minst utstyr til båt, som keipar og hamleband av vidjer. Det var og vanleg at karane let kvitlane som dei hadde med som sengebredsle, bli igjen som del av husleiga. Dei kunne og selje eigne produkt. På denne måten gav Kinnafisket ikkje berre rikdom av silda, men også frå sal av eigne handverksprodukt. På grunn av at det vaks lite skog på kysten, var desse treprodukta viktige for fiskarane.

 På slutten av 1800-talet skjedde det to viktige ting. Det eine var at den store sildeperioden brått tok slutt rundt 1870. Det andre var at vi først fekk store dampfiskebåtar og seinare motor i dei mindre båtane Dette førte til at sjølv om silda i periodar var nesten borte, kunne ein reise til havs og fiske etter andre fiskeslag. Behandlinga av fisken blei no igjen overtatt av lokale kvinner, ganejentene forsvann med silda rundt 1870. Det blei også ei forandring i kven som fiska. Dei nye båtane kravde kapital og kunnskap om navigering og motordrift. Dette kunne ein ikkje utan vidare forvente at folk frå indre strok hadde. Det blei derfor færre fjordafolk som dreiv fiske, sjølv om nokre ei tid fortsette å ro fiske på gamlemåten. Dei nye båtane kom sikrare og fortare fram. No blei fangstkvantumet større og ein trengde fleire folk på land for å gjere noko med fisken som blei levert. Framleis blei noko salta, og kvinnene beheldt plassen sin på saltebuene, men hovudmengda gjekk til sildoljefabrikkane og til ising.

 Denne industrien kravde ny arbeidskraft. Lokalbefolkningen dreiv anten fiske eller som i Florø, eigne bedrifter. I den nye store silde-perioden på 50-talet arbeidde desse under høgtrykk, så butikkar, handverkarar og kafear hadde ikkje folk å avsjå. Det blei derfor stadig meir vanleg at folk frå fjordane jobba på buene, på sildoljefabrikkane og på grabbane som lossa silda over i føringsbåtar som førte silda til fabrikkar langs kysten. Jobben med å ta vare på all silda som kom i land, gav pengar i lomma. Fjordakaren stilte på jobben om måndagen med niste heimanfrå, jobba så nær opp til 24 timar i døgnet som han makta. Han blunda ein augneblink ståande opptil buaveggen og drog heim i helga for å sove ut og få med seg ny niste. Det blei dermed lagt igjen svært lite pengar i Florø, og karane kunne ta med kronene heim. Desse var nødvendige når husa skulle moderniserast og det skulle investerast i ny reiskap, for eksempel ein traktor.

 Som for hundre år sidan hadde fjord og kyst framleis gjensidig nytte av kvarandre. Det hjelpte ikkje om Florø var den hamna i Norge som har hatt størst omsetning på ein dag, viss ikkje det hadde vore nokon som kunne gjere arbeidet på grabbane, på saltebuene og på sild-oljefabrikkane. På den andre sida gav Florø og fiskeria eit svært viktig økonomisk bidrag til fjordafolket.

 (Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2008)

 Laksefisket ved Kinn

                                                                                                   Av Hermod Seim

Laksefisket i sjøen føregjekk frå gammalt av mest med kastenot og sitjenot på faste plassar som vart kalla lakseverpe. Det vart også fiska med krokgarn og botnagarn.

 Nils Seim var ein føregangsmann på mange områder og då han kom til Kinn i 1896 starta han laksefisket med kilenot. Den første tida var det mykje prøving og feiling for å finne dei beste plassane og få nota til å stå slik at den fanga laksen. Etter kvart fann dei ut av vind og straum og dei fiska med om lag 15 nøter rundt øya og utover til Ytrøyna og nordover til Kvitingane.

For at laksen skulle gå i nota måtte det helst vere pålandsvind, var det nordavind så var fisket best på nordsida, var det sunnavind var sørsida best. Var det stilt ver, var det best fiske lengst ute ved Ytrøyna og Kvitingane.

Det beste fiskeveret er ruskever med sørvestkuling, då vert den nordgåande kyststraumen pressa inn mot land og med straumen fylgjer åte, sil og laks. Nordavinden spreier kyststraumen utover havet og fisket inne ved land vert då dårlegare.

 Den første tida føregjekk fisket med seksringar med årer og segl og det var mykje slit i dårleg ver. Nøtene vart sett til morgon og kveld og i Tennehåjen ved Ytrøyna sette dei opp eit hus som dei brukte til overnatting for å spare roing.

Seinare fekk dei to motorbåtar og mannskapet var 4-5 mann, for det meste leigekarar frå Kinn og Rognaldsvågen, men også frå Sula. Dei tilreisande leigekarane budde i tranhuset i Kinnasundet.

Laksenøtene var laga av hamp og dei måtte vaskast, tørkast, impregnerast med blåstein og bøtast med jamne mellomrom. Arbeidet med nøtene var svært tungt, ei våt not vog fleire hundre kilo.

Fisket vart drive med base i Kinnasundet der det var ei stor sjøbu (Seimbua) med ishus og god hamn og kai. Her hadde dei båtane og alt utstyret sitt og her vart laksenøtene tekne på land for reparering, tørking  og impregnering.

Laksen vart sløgd og lagt i store kassar med is og sendt direkte til utlandet, seinare til Bergen ein gong for veka. Laks var ei svært kostbar vare og mesteparten vart eksportert og hamna på middagsbordet til overklassen ute i Europa, særleg England. 

For å skaffe seg is demde dei opp ei tjenn i Islandstøa (ved skulehuset) der dei skar is om vintrane som vart oppbevart i eit isolert tilbygg til sjøbua, seinare kjøpte dei is frå Florø.

Det var Nils og sønene Magnus og Einar som sto føre laksefisket, seinare overtok to av sønene til Magnus (Johan og Kåre).

 Laksen var freda i helgane (helgefreding) og då måtte laksenøtene stengast.

Etter krigen vart det oppretta ein merkestasjon på Kinn for å kartlegge laksen sine vandringar i havet. Merkinga vart utført av ein student frå universitetet i Bergen som budde på Kinn i fisketida. Merkinga føregjekk 3 dagar for veka og då vart annakvar laks merka og slept ut att. Som kompensasjon fekk dei fiske også i helgane.

 Laksefisket starta 1. mai og varde til slutten av august, storlaksen kom først og smålaksen (tarten) seinare i sesongen. Fisket varierte mykje frå år til år, men gav jamt over betydelege inntekter sjølv om utgiftene var store. Prisen på laks var høg og ein vanleg gardsarbeidar måtte til eksempel arbeide ein halv dag for eit kilo laks.

 Inntektene frå laksefisket minka etter kvart og etter nokre dårlege år tidleg på 1960 talet var det slutt med kilenotfisket. Det vart fiska litt laks etter den tid, men då helst med krokgarn.

 

Share to