• Photo: Inge Aarseth (Opphavsrett)

Anortositt i Magnhildenuten

Når vi nærmar oss Mjølfjell, finn vi bergarten anortositt like ovanfor Mjølfjell Vandrarheim.

Anortositt inneheld stort sett berre eitt mineral (ein feltspat som heiter plagioklas). Den skil seg frå gneisane ved Upsete fordi han er lys, nesten kvit på farge (Mjølfjell tyder «kvitfjellet»). Dette er lett å sjå i fjellsida opp mot Magnhildenuten. Bergarten inneheld 30 % aluminiumoksid og kan verta eit framtidig råstoff for aluminium. Feltet med anortositt rekk heilt til Gudvangen der det kan verte snakk om utvinning ein gong i framtida. Anortositt er ein magmatisk bergart som størkna frå ei bergartssmelte nede i djupet for vel 1 milliard år sidan. Jord med anortositt er giftig for plantane, noko ein særleg kan sjå i området ovanfor Kårdal pensjonat.

Share to