• Photo: Knud Knudsen. (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Vegmiljøet kring Røldal

Med plasseringa på grensa mellom Austland, Vestland og Sør-Vestland har Røldalsbygda lenge vore knutepunkt på landevegen både for handelsfolk og for andre reisande.

Ikkje minst var den årlege Røldalsmarknaden kjent i store område, og trakk til seg store mengder handelsfolk og kjøpelystne heilt fram til om lag 1800. Då blei marknaden flytta austover, og handelstrafikken på dei gamle kløvvegane redusert.

På 1200-talet fekk bygda si eiga stavkyrkje, og i den hamna tidleg det undergjerande krusifikset som sveitta jonsoknatta. Pilegrimar kom langvegsfrå med lidingar i håp om å få på seg nokre av desse heilage dråpane. Det vert sagt at loftet på kyrkja tidvis var fullt av etterletne krykkjer, kasta trehender og liknande etter lækja menneske.

Dei kom i hopetal over fjella, berre Nidarosdomen i Trondheim hadde større tilvandring av søkande, og etterlet seg varige spor i form av nedslitne fjellveggar.

Allmannavegen 

I alle fall fortel historia at den gamle Allmannavegen, kløvvegen frå Austlandet, via Røldal, til kysten av Vestlandet, blei nytta mykje av pilegrimar. I 1835 blei det sett ein brå stogg for jonsokmessene i Røldal, og pilegrimstrafikken forsvann frå området. Men framleis blir den flotte vegbiten mellom Røldalsbygda og Austmannalia, som ligg nokre kilometer lenger aust, kalla for Pilegrimsvegen. Og kvart år, på jonsoknatta, finn det stad ei symbolsk vandring på denne strekninga. Undervegs vert det utført mange religiøse handlingar, og nede i Røldal stavkyrkje blir ei katolsk messe halde på gamlemåten.

Også over Røldalsfjellet, vest for sjølve Røldal, finst godt bevarte spor etter Allmannavegen. Enkelte stader er den steinsett som ein liten kjerreveg, andre stader ligg den som ein flott hulveg i terrenget. Opphavleg gjekk denne vegbiten over fjelltoppen på nordsida av det rasutsette Seljestadjuvet, men eingong før 1820 blei den lagt om til den bratte fjellsida gjennom sjølve juvet. Den dag i dag ”heng” vegen i sida her og vitnar om ei tid då det å leggje ut på reise ikkje var like komfortabelt som i dag. Men kanskje rikare på opplevingar?

Køyrevegane 

På motsett side av Seljestadjuvet slyng ein bit av eit av dei flottaste veganlegga i noregshistoria seg: Den første køyrevegen mellom Aust- og Vestlandet over Haukelifjell.

Allereie i 1704 kom hoffrettasessor J.E. Ernst med det første forslaget om å få ein betre veg mellom Bergen og Kristiania ved å leggje den over Haukelifjell. Men tida var ikkje moda for slike dristige vegprosjekt, og det skulle gå meir enn 180 år før ein veg i 1886 endeleg kunne opnast for ferdsel. Det blei sett som ei stor bragd då vegen kunne opnast. Etter meir enn 20 år med anleggsarbeid hadde mennesket overvunne naturen. Det uframkomelege var gjort køyrbart.

Den første løyvinga til veganlegget mellom Aust- og Vestlandet gav Stortinget i 1857. To år seinare stod det første store einskildprosjektet langs vegen, Låtefoss bru utanfor Odda, ferdig. Og i 1861 starta arbeidet med vegen opp Seljestadjuvet og over Røldalsfjellet. Passasjen gjennom sjølve Seljestadjuvet er godt kjent over heile landet. Den storslåtte og dramatiske naturen gav vegbyggjarane ei enorm utfordring, og både køyrevegen og den tidlegare kløvvegen må ha vore regna som vågestykke i si tid.

Den siste gjenståande biten før vegen mellom aust og vest kunne trafikkerast var strekninga gjennom Dyrskar. Arbeidarane hadde jobba seg fram hit frå begge sider, og i 1886 blei dei siste metrane hogde ut av fjellet. Men ganske snart synte det seg at denne siste biten var for farleg – ras og snø hindra ferdsla. Mellom 1892 og 1900 blei difor ein av dei eldste tunnelar bygde gjennom det vanskelegaste partiet. Og utanfor denne finn vi «1886», årstalet for den første vegopninga, meisla inn i fjellveggen.

I 1892 blei Rogaland, eller Stavanger Amt som det heitte den gangen, kopla på veganlegget via vegen opp Bratlandsdalen. Og nesten 70 år seinare, i 1960, kom også ein køyreveg ned mot Sauda.

Haukelivegen, slik vi kjenner han i dag, stod ferdig vinteren 1967-68 og var også eit pionerarbeid i si tid. Dei lange tunnelane mogeleggjorde ferdsel over fjellet året rundt – sjølv gjennom dei lange vintermånadene.

Kulturminne  

For vinteren kan vere streng her oppe. Stadvis er vegen lagt over 1000 meter over havet, og rett nedbørsrike år ligg snøen gjerne året rundt. Tidlegare kunne heile Røldal vere engasjert i snømokinga om våren, men no kan det gå år mellom kvar gong til dømes den gamle tunnelen i Dyrskar ser dagslys.

Men det tøffe klimaet har også sine føremoner. Vegetasjonen veks seint, og om ein ser bort frå sommarstøling og menneskeleg aktivitet, avgrensar ferdsla seg stort sett til vegsystemet. Lite blir difor endra og gamle vegminne får ligge i fred. Vi har eldgamle hæver (overnattingsstadar, gjerne under hellerar) samt trakk og pilegrimsstigar som ikkje har kome bort. Og ikkje minst dei store mengdene med spor etter både anleggsarbeid og vegdrift frå køyrevegen i området. Ruinar og ståande bygningar etter skysstasjonar, brakker og verkstader, mange hogde årstal og oppmåla kilometersteinar, små og større sandtak, for å nemne noko. Enkelte stader finn vi til og med kol og metallrestar frå arbeidet til smeden. Ei skattekiste i veghistorisk samanheng. Det er nesten vanskeleg å forstå at det er langt over 100 år sidan den første køyrevegen over Haukeli stod ferdig.

Vegmiljøet kring Røldal er på mange måtar unikt. På ein fantasirik måte gjenspeglar menneska sine behov for og teknologiske mogelegheiter til å kome seg over fjellet seg i dåtidas vegsystem. Her finn vi spor etter fleire generasjonar vegar, og nokon av dei flottaste døme på veghandverk i samtida. Samstundes gir naturen, med bratte, steile, fjell og lavtveksande høgfjellsflora, ei forsterka ramme kring vegane. Det er i sanning ei veghistorisk perle.

Sjå også artiklane om:
• Allmannavegen mellom Seljestad og Røldal
• Pilegrimsvegen frå Austmannalia til Røldal
• Køyrevegen frå Telemark grense til Seljestad
Samt dei tilhøyrande:
• Vassthun bru
• Låtefoss bru 

Share to