• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Upsete

Utanom nokre svenskar og finnar var det mest nordmenn på denne sida av tunnelen. Landhandelen vart driven av eit polsk par, og vart kalla «Jødens hus». I fire av brakkene budde mest anleggsarbeidarar og handverkarar tilsett hos kontraktøren. Fire av husværa var mindre, det var «Materialhuset», «Hotellet», «Villaen» og «Stasjonen». I «Stasjonen» budde nokre av NSB sine nøkkelpersonar, og kontraktøren sjølv, Kristian H. Hornemann, budde i «Villaen» med sin huslyd. I «Materialhuset» budde verksmeistaren med sin huslyd og ein mekanikar. 

Omflakkande liv

I alle hus og brakker budde det små ungar, og i nokre budde det ungar i skulealder. I folketeljinga er fødestaden til ungane innskriven, og dei fleste hadde eit omflakkande liv bak seg. Også mange av dei vaksne kom langvegsfarande, men det var òg mange sogningar her. På denne sida av tunnelen var det fleire familiar enn på andre sida, og om ikkje innslaget av utlendingar var like stort her, så var nesten heile Noreg representert. Dei fleste var hyra hos kontraktørane Hornemann og Strøm. Brakkene og verkstaden låg tett opp mot tunnelinnslaget: her bora ein heile vinteren og arbeidsvegen til tunnelen måtte vera kort. Då sjølve drivinga var over og skjenene lagt på plass, vart Upsete fort ein folketom stad. I dag står det berre eit ekspedisjonshus igjen her.

Namna på anleggsarbeidarane som var med i folketeljingane i 1900 er ordna kommunevis og er tilgjengelege på www.arkivverket.no

Share to