• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Atelier KK (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ingeniør Ingebrigt Lunde (Opphavsrett)

Frøland kraftverk

Første store kraftverk på Vestlandet

Kring hundreårsskiftet kjøpte Bergen kommune opp fallrettane langs Storelva, like frå høgaste fjell til Frølandsvatnet, med tanke på kraftutbygging. I 1909 tok anleggsarbeidet til, og Frøland kraftverk vart sett i drift i 1912 som det første «store» kraftverket på Vestlandet. På Totland voks det opp ein liten koloni med innflytte ingeniørar, maskinistar og andre tilsette ved «Verket». Reguleringa av Samnangervassdraget har halde fram med nye demningar og fleire kraftverk: Grønsdal (1948), Kvittingen (1984) og Myra (1988).

Share to