• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1909 : UNGDOMEN - UNGDOMSTIDI

Alle friske ungdomar hev hug til aa moroa seg, og maa faa lov til det, so sannt dei skal gaa gjennom ein naturleg framvokster. Og dei hev godt av det.

         UNGDOMEN - UNGDOMSTIDI


Ein samanliknar ofte manna-livet med aarstiderne. Me kann nok segja at eit menneskje og hev sin vaar, sumar, haust ,og vetter. Barnealderen svarar til vaaren, ungdomstidi til sumaren. Um sumaren stend alt i sin rikaste vokster og vænaste bløming. Alt stend so drøymande fagert. Ein kann til fullnad segja det same um ungdomstidi. Det er ei vokstertid og ei blømings – den fagraste i menneskjelivet.

Det er ei drøymande tid denne ungdomstidi. Kvar ein ungdom gjeng vel med draumar om framtidi. Og det er godt at ungdomen drøymer – set seg høge idielle maal som han seinare strevar upp og framyver mot.
Men ungdomstidi er ei faarleg tid, faarlegaste tidi i heile livet. Her er so mangt i denne vonde verdi som lokkar og dreg paa ein ungdom. Det ser ofte glansfullt og glimande ut i ungdomsaugo; men ser me vel paa det, so er det gjerne noko vondt som vil draga oss nedetter i myrkret, der det vonde raar.
Ja der er so mangt som kann sulka oss, skjemma baade sjæl og kropp for heile livet. Ungdomen er snar til aa lokka, snar til aa falla. Han er so altfor ofte for veik til aa staa mot dei freistingar han møter.
Men difor maa han framfor nokon annan staa vakt um seg sjølv, passa seg for det som fær so mang ein staut ungdom til aa falla.
Noko av det som freistar og sælar mest er rusdrykken. Han hev sett ein svart flekk paa so mang ein ungdom. Me maa koma i hug at hev me fyrst ein gong falle, er me komne burt paa skraaplanet, so er ikkje greidt aa reisa seg att og vaska seg rein. Det er ikkje so godt aa koma burt fraa den vonde vegen og inn paa den rette.
Lat oss koma dette i hug ungdomar! Lat oss prøva paa aa arbeida oss sjølve lenger og lenger fram i det som er godt og rett, det som eig sanning og livskrafti i seg.

No maa ingen tru at eg vil at ungdomen skal halda seg burte fraa all ungomsmoro. Han skal berre vera redd alt stygt og raatt. Alle friske ungomar hev hug til aa moroa seg, og maa faa lov til det, so sannt dei skal gaa gjennom ein naturleg framvokster. Og dei hev godt av det.

Ein ungdom som berre skal sitja inne og stura yver ei teksterbok vert til slutt aandeleg sjuk, han vert myrk og tung i hugen. Det hev hendt so mang ein gong. Her er nok som kann gjera livet myrkt um ein ikkje sjølv gjer det so myrkt som mogelegt.
Lat difor ungdomen faa leik og moro, so han kann verta frisk og sterk. Men um han leikar so kann han likevel halda seg burte fraa det som er vondt, stygt og øydeleggjande. Aalvor og moro skal fylgjast aat. Leiken maa ikkje vera vill og tankelaus.

Det vert tidt sagt at ungdomen eig framtidi. Og det er sannt, for det er dei unge som skal ta plassen etter dei gamle. Men daa er det umaagjera at ungdomen er vaken, at han hev syn for dei krav som tidi set til honom. Kravi er ikkje alltid dei same, dei skifter med tidi. Ho kjem ikkje med dei same krav til oss som til fedrarne vaare for hundrad aar sidan eller femti aar attende.
Livet stend aldri stilt, det er ei vindeleg skifting – det kjem alltid med noko nytt
. Difor gjeld det aa fylgja med so me ikkje vert liggjande attum vaar tid. Me skal ta arv etter dei gamle og arbeida vidare paa den grunn som fyrr er lagd. Det er ikkje nok med at me i eit og alt stend paa same staden som fedrarne.
Hjaa eit folk som hev livskraft i seg er det jamt umbyting og framstig. Er det ikkje det, vil folket somna inn og døy burt.

Dette burde mana oss ungdomar til aa fylgja med i bøker og blad so me kann setja oss inn i dei tankar og straumdrag som er uppe i tidi.
I den seinare tid hev det synt seg at ungdomen kjem meir og meir med.
Alle ungdomslag kring i landet vitnar meir enn noko anna um det.
Dei hev vakse fram av ein trong hjaa ungdomen, ein trong etter aa koma saman og skifta meiningar, ei trong etter meir kunnskap.

Gjev det alltid maatte koma til aa liva ein frisk og sterk, vaken og framhuga norsk ungdom i alle norske bygder, ein ungdom med framsyn og framtak i !

X


Bladstyrar : Gunnar Fitje

 


”I det meste er eg samd med det ”X” hev halde fram. Det var berre ein tanke eg ikkje fullt kann underskriva. ”X” var um aa sla paa at det aa lesa i ei teksterbok skulde gjera ungdomen myrk og tung i hugen. Den som les slik lesnad søkjer aa finna vegen til livsens land. Eg segjer for min part at hadde eg ikkje faatt greida paa den vegen hadde livet vore myrkt for meg. Kvart menneskje, det vere ungdom eller eldre, som ikkje hev fenge auga paa sitt maal og med her gjeng i den største myrkeskodda som finst i livet. Kvifor skulde folk med so store framtidsvoner som ævelegt liv saman med Gud i himmelen verta myrke og tunge i hugen?

Bladstyraren”

 

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstene rett?

Share to