• (Opphavsrett)

Et lidet barn så lystelig

Den digitale forteljinga "Et lidet barn så lystelig" handlar om ein song og utøvaren Ragnar Vigdal (1913-1992) frå Luster sin bruk av denne i ein lekmannstradisjon.

Den digitale forteljinga er eit studentarbeid ved studiet "Samfunnsfag med vekt på entreprenørskap og digital formidling”, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, våren 2012.

Bakgrunn for den digitale forteljinga:

Teksten til songen ”Et lidet barn så lystelig” er opphavleg ein tysk kristeleg folkesong, og var kjend allereie på 1400-talet. Seinare vart denne teksten innlemma i ei tysk omsetjing av ein latinsk songtekst, og songen fekk totalt fire vers.

 

Songen ”Et lidet barn så lystelig” har hatt mange bruksområde. I Kingos salmebok står det over salmen at dei første versa skal syngjast «Førend Evangelium læses af Prædikestolen fra Juul og til Kyndelmisse en Gang, men i Julehelligdage tre Gange». Skikken med å bruke songen som preikestolvers heldt seg mange stader langt ut på 1800-talet. Då det var vanleg å innleie julehøgtida med ein husandakt i heimen, var det i mange heimar skikken å opne samlinga med å syngje denne salmen.

Haugianarrørsla (og seinare lekmansrørsla) var mellom dei som særleg trykte Kingos salmebok til sitt bryst, og denne songen har vore sentral i den haugianske songtradisjonen. I denne tradisjonen vart songen også brukt til mange ulike tonar.

Boka ”Kom du min Sulamith – sang og mystikk i haugiansk fromhet” (Ingrid Gjertsen, 2007) tek føre seg religiøs, tradisjonell folkesong, med spesiell vekt på songtradisjonane sin fromheitspraksis og som kultisk uttrykk. Her blir det mellom anna gjort greie for følgjande:
I den haugianske tradisjonen var songen sitt mål at den skulle virke inn på omvending og åndeleg fornying, og det vart sett store krav til korleis songuttrykket måtte vere for at det skulle fungere som forventa:

Ordet – songen er ofte langsam, melismatisk og framførast med alvor og inderlegheit
Stilla – songen skapar ein heilt spesiell atmosfære – stilla
Hjartet er sentrum – songen skulle kome frå hjartet, elles ville det blir teoretisk og overflatisk
Lengsel – songen skapast gjennom lengsel i mennesket sitt indre. Lengsel medverkar til at songen i praksis fungerer som bøn.
Inderlegheit, hengivenheit, kjærleik: Grunnleggande eigenskap – songaren har eit djupt og inderelg forhold til det som skal syngast. Pregar framføringssituasjonen (uttrykk og tilstand)
Audmjukheit – Ikkje storslåtte og utovervende verkemiddel, men det store i det små. ”Det innovervende halleluja) (Meir likt russisk-ortodoks enn luthersk trad.).
Medvit om det musikalske: reint musikktekniske element: toneghøgder og krullar (ikkje-temperert og melismatisk)

 


Ragnar Vigdal frå Luster (1913-1991) er ein av fleire utøvarar som sto i ein haugiansk tradisjon ved at han vidareførte den haugianske songarven og bruken av den. Det fins ei rekkje opptak med Vigdal i Fylkesarkivet, og han er landskjend for sin spesielle songstil. Vigdal var den første som fekk Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane.
 

3 comments

  • ÅJ!

    så flott!

    jeg fikk skikkelig lyst til å synge "Et lidet barn så lystelig" når jeg så og hørte denne flotte digitale fortellingen!

    tusen takk, synnøve!

  • Nydelig, og en flott fortellerstemme.
  • Så fin og rein! Dette har du taket på. Håpar det kjem fleire forteljingar frå deg!

Share to