• Photo: G.M. Behrends, Steinkjær (Opphavsrett)
  • Photo: Eysten Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Odd Egge, Kristiansund. (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Ole Elias K. Uri (Opphavsrett)
  • Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)

Reindriftssamar i Valldal og Tafjordfjella.

Dette er ei historie om grov mobbing og trakkasering, på grensa til mordforsøk, i Tafjordfjella rundt 1894 til 1897.

Rundt 1850 vart det av ulike grupper i Valldal og Tafjord starta forsøk med tammrein, og desse dreiv til fram til 1909. For å skaffe seg erfaring og fagleg hjelp ser det ut som dei leigde inn samar til pass og stell av dyra. Dei to som er mest omtala er Finn Thorkjel og Johannes Partapouli.

Denne artikkelen handlar om samen, salmediktaren og forkynnaren Thorkel Jonasen (Finn Thorkjel), kona Sigrid, sonen Bendik Jonas og kona hans Nilsine og dei to borna deira. Alle desse tre siste fekk ei ublid skjebne og døydde på kort tid av sjukdom, som sannsynlegvis vart påført dei i hellaren under Vermetind hausten 1895.
 

Det heile starta med at Thorkel og familien hans tok ut frå Børgefjell i Nordland i 1869 med 300 rein og hadde mellom anna tilhald i Altefjell ved Namdalseid før han 10 år seinare, i 1881, kryssar Trondheimsfjorden ved Galgeneset, med 100 rein. Fjorden her er 6 km brei og etter kryssinga var dyra så medtekne at ca 50 kreperer på stranda.
I åra 1881 – 1887 er han i Hemne, men her vert det og etter kvart krangel om beite og påståtte skadar på sæterkveer og innmark.
14. april 1888 har Thorkel fått frist til å forlate Hemne, og han dreg vidare mot Sunndalen.
Eva, mor til Sigrid, døyr her 12. desember 1889 og er gravlagd på Hov kyrkjegard.
Åra 1891 – 1893 beiter flokken til Thorkel i Nesset- og Gjemnesfjella. Sonen Bendik Jonas gifter seg med Nilsine 13. april 1892.
 

Til Tafjord i 1893

Våren 1893 kom Thorkjel saman med familiane og reinflokken over til sørsida av Romsdalen og like inn i Valldals- og Tafjordfjella.
Her vert samane godt mottekne, spesielt i Langdal og Rødal, finn dei seg vel til rette.
I Rødal føder svigerdottra Nilsine sonen Thomas 8. april 1893. Far til Thorkjel, Jonas, kjem og til Rødal og døyr her 20. januar 1895. I folketeljinga finn vi: ” Fjell-lap, døde av alderdomssvakhed”.
I denne tida samarbeider Thorkel med Rendalens Rencompagni, men skil så ut dyra sine og flyttar desse til området Slettflybotnen, Langfjellet og Vermedalen, på grensa mellom Rauma (Grytten) og Valldal (Norddal).
Familiane har no hovudlæger i Langdal, her dei no leiger ei lita stove og har eit telt ståande.
Fast slakteplass vert oppretta på Øggardsbakkjen, og Ole og Karl Langdal har jobben med å køyre reinskrottane med hest og slede dei 25 km ned til Sylte.
Aslaug Hoel f. 1911 skulle ha fortalt ei historie frå Øvstestølen. Ei påske dei kom fram der, så hang det fullt av blodpølser i fjøsen på Langdalsselet. (Fjøsen var under selet). Dette var blodpølser som Thorkel og familien hans hadde laga og hengt opp til tørking, og sikkert hadde han fått løyve til å gjere dette.
( Denne historia må Aslaug ha fått fortalt sidan ho var fødd etter at Thorkel og familien reiste frå Valldalsfjella. E.Hj.)
Inne i fjella prøver Thorkjel å ha fleire læger m.a. på sørsida av Storhatten, på nordsida av Vermetind, i Rødalselet på Kabben og i herbøret ved dagens Kulehytte. Dette er nok for å halde best muleg oppsyn med flokken, for klager frå sætereigarar og villrein - interesser strøymer på.
Også direkte herverk opplever Bendik, som ein gong har sett skiene sine frå seg under ein hellar. Då han kjem for å ta dei i bruk, er dei berre pinneved. Dette kunne verte eit alvorleg problem, langt og høgt til fjells, men det gjekk vist bra.
 

I hærbøret under Kulehøgda føder Nilsine 9.august 1895 sitt andre barn, ei jente som får namnet Beret Marie.
Jordmor er Langdals – Guri, som spring dei 14 km inn i fjellet, saman med mannen Ole Joh., for å hjelpe til under fødselen. Beret Marie vart døypt i herbøret ved Kula denne dagen. Faddere var Gårdbruker Ole Joh. M. Langdal. Barnets moder og Guri Olsdatter Langdal. Dåpen vart seinare stadfesta Sylte Kyrkje, Valldal.

Konflikt med sætereigarane

Same året vert det skikkeleg konflikt med sætereigarane, kanskje særleg på Brøste, Kabben og i Ulvådal - området.
Thorkel vert saksøkt og taper saka, noko som kostar han verdien av 170 rein, den gong ca 23000 kr, og konflikten tilspissar seg. Det vert m.a. skote gjennom Rødalsselet på Kabben, om Thorkel var i selet , veit vi ikkje. Han får ikkje ein gong lov til å hogge raiar til teltet sitt.
Dette siste vart han spesielt anmeldt for! Her vert han rett nok frifunnen, men likevel! Resultatet er at Thorkjell og familiane forsøkjer å berge livet i dei to hellarane under Vermetind, hausten 1895.Desse hellarane ligg på ca 1150 moh og Thorkel skildrar månadane her slik:
”Det stod svært paa med Sne og Fok og smaat var det med ved”.

Borna døydde

Alle fraus og lei vondt, og verst gjekk det utover Nilsine og dei to borna. På kort tid døyr begge, og Thorkil skriv vidare:
” Det kom sig nok af det, at Moderen og barnet fik en knek, den gang i kulden under Berghammeren”.
Dåpslistene for Norddal fortel oss fylgjande om borna som døydde:
”Thomas f.8 april 1993, - døypt 9. juli 1893. Død 3.februar 1896, af kikhoste.
Foreldre Bendik Jonas eigar af renhjord, og hustru Nilsine Zakariasdotter, bopel Sundal nu Rødal. Faddere Landhandler Lars Peter Larson Tafjord m kone. Kone Joh.Pet. Rødal. Elias Thorkildsen. Olave Pet. Tafjord. Ane Pernille Joh. Rødal”.
”Beret Marie f.9.august 1985, døypt 16. november 1895. Døde af kikhoste ved fjellet 26. november 1895 Bopel Fremre Grønning. Far er fjell- lap Bendik Jonas Thorkildsen. Bopel ved fjellet Høghatten, Langfjellet, Grytten.

Presset aukar

Thorkel var heile tida under sterkt press frå både bønder og lensmann, og ein gong på veg med 5 bukkar frå utstilling i Kristiansund, vart bukkane skotne på fjellet ved Molde.
Opp i alt dette fortsetter likevel Thorkel med sine religiøse samlingar og forkynning, og det berbare orgelet, som vi i dag kan sjå på Samisk Museum i Snåsa, hadde han alltid med seg.
”Fjellsongen” med tekst og tone av Thorkel vart ofte framført. Her er og ein ”Brudesong” etter Thorkel, som har levd på folkemunne i Valldal. Magnhild Heggen hugsar denne etter mor si og teksta vart skriven ned av Reidar Heggen.
At Thorkel og familiane var både sosiale og godt likt av folket i Valldalen, viser tydeleg m.a. var dei mellom bryllaupsgjestane då Ane Pernille Iversdatter Gjerde og Ingebrigt Ingebrigtsen Hoel, gifta seg i 1896. Han er oppført som gardbruker på Hoel, men er fødd på Myklebust.
Av lærar Lingås ved Gjerde skule, får Thorkel denne attesten 3.juni 1896:
” Han har baaret frem et sundt Vidnesbyrd om den kjære Frelser og derved opbygget mange her i Menigheden”.
Soknepresten i Norddal skriv og positivt om Thorkel si forkynning. 8. januar 1895 skriv presten dette:” En og anden Gang paa Opfordring holdt Opbyggelser paa forskjellige Steder i Prestegjældet og da enfoldig og simpelt vidnet om sin Guds store Naade mod Syndere”.

Etter 37 år på flyttefot startar Thorkjel på ”heimveg” og dreg på nytt i retning Børgefjell, og i februar 1897 passerer han Asbjørndalen og Rånåfjell med heile 1500 rein (Ulike tal i ulike kilder).
I 1897 er dei på ny i Sunndal, og her på garden Hafsås, døyr Nilsine 14. februar av tæring.
Noke Thorkel seier er: ”eit resultat av vinteren under Vermetind”.
 

Men problema er ikkje over:

1. mai 1897 skriv Romsdalsposten at: ”LappenThorkjel Jonassen, der beiter med sin ren i Gruvedalen, har i forrige uke funnet 111 ren under en sneskred som gikk i februar i vinter. Sandsynligvis er endnu flere begravet under skredene; men de er enda ikke tinet op”.
I eit intervju fortel og trur Thorkel; ”at noken med hundar har jaga reinen ut på ein skavel”?

Til kongen
No er Thorkel hardt pressa, og han oppsøkjer både Stortinget og kanskje Kongen i Stocholm.
I den anledning gir han Verdens Gang eit intervju, og der seier han mellom anna:
” Hans eneste Ønske og Maal er at maate forundes at leve i Fred for bøndene og ikke retløs drives fra sted til Sted”.

Her kunne ein ha gått mykje meir i detaljar - men mobbing er nok ikkje berre eit fenomen i nyare tid!

Våren 2012 vart det funne ei samisk komse i Tafjordfjella. Bilete av denne er sendt både til Samisk Museum i Snåsa, til Karasjokk og Norsk Folkemuseum i håp om at det skal vere muleg å finne ut om denne er sørsamisk, tilhøyrd Thorkell sin familie eller den kan vere nordsamisk og då etter Johannes Partapouli sin familie. Noke svar har eg endå ikkje fått.

Oversikt over reindriftssamar i Valldal og Tafjordfjella

Dei som har fått utheva skrift er omtala i artikkelen:
Jonas frå Grong.
Torkjel Jonassen gift med Rike Daaret

Jonas (Fjell – lap) gift med Eli født 1821 død 20. januar 1895 i Rødal, Tafjord. Døde av alderdomssvakhet.

I.Thorkjel Jonassen født 2. desember 1839 død 9.november 1921, gift med Sigrid Maria Olsdatter født 29. april 1848 død 1916.
II. Bendik Jonas født 1867 død 23. november 1905, gift med Nilsine Zachariasdotter født 1862, død 17. februar 1897 på Hafsåsen i Sunndalen. Eigar av renhjord.

Barn: 1.Thomas født 8. april 1893, død 3. februar 1896, i Valldal av kikhoste.
2. Beret Marie født 9. august 1895, død 26. november 1895, i Langdal av kikhoste
.

III. Elias f. 8. mai 1871 d. 18.des 1914 i Snåsa, gift med Malene J.datter Nursfjell født 1871 død 1954. 10 born.

IV. Sara . født 14. oktober 1885, død 11.februar 1912
Denne uvanleg vakre samejenta veit ein ikkje meir om. Fotografiet som er funne på Gjøra i Sunndalen, viser kanskje henne.
 

1 comment

  • Ingenting nytt under denne himmelen

Share to