• Photo: Berit Fiksdahl (Opphavsrett)
  • Photo: Berit Fiksdahl (Opphavsrett)
  • Photo: Berit Fiksdahl (Opphavsrett)
  • Photo: Berit Fiksdahl (Opphavsrett)

Tysk bunkeranlegg på Fokstugu – eit strategisk plassert forsvarsanlegg på Dovrefjell

Det tyske bunkeranlegget på Fokstugu er truleg det største forsvarsanlegget frå den andre verdskrigen i innlands-Noreg. Frå utkikkspunktet Smørbollen hadde tyskarane full kontroll over Dovrebanen og den gamle riksvegen mellom Hundyrju/Hjellseter og Vålåsjøen.

I anlegget var det observasjonspost, vaktrom og løpegrav på toppen av Smørbollen og eit trettital bunkerar i lia nedanfor. Det skal ha vore både gateljos og telefonsamband mellom bunkerane og opp til observasjonsposten på Smørbollen. 

Bunkerane er sirkelrunde, var bygd opp av stein med ein eller to inngangar. Dei var sju-åtte meter i diameter med støpt betongplatting for omn i midten og var prefabrikkert med skrått tak av trelemmar. Nokre av bunkerane hadde til og med tapét på veggane.

Forsvarsanlegget hadde neppe kanonar eller tyngre bevæpning, men maskingevær, handvåpen og kanskje bombekastarar.

Russiske krigsfangar som låg på Fokstugu, bygde truleg anlegget i tidsrommet 1942-1945. Kanskje var det tyske soldatar, som også budde på Fokstugu, som arbeidde på og dreiv anlegget.
 

Share to