• Photo: Hordaland Fylkeskommune (Opphavsrett)
  • Photo: Hordaland fylkeskommune (Opphavsrett)
  • Photo: Hordaland fylkeskommune (Opphavsrett)

Kystrøysar på Halsnøy

Synlege frå sjøsida

Dei finst så å seia på kvart einaste nes, gjerne på ein liten knaus eller bergknatt ut mot sjøen. Fleire av dei er lett synlege frå sjøsida, slik meininga med dei opphavleg var. Andre er tilgrodde med skog og kratt. Somme av røysane er runde av form, opptil 12-15 m i tverrmål. Andre er langstrekte, nokre få meter breie, men opptil 40 m i lengd.

Gravkister og funn

I nokre av røysane er gravkister av stein synlege. I ei skal det vera funne eit sølvkrus, i ei anna eit leirkar, i ei tredje ubrende menneskebein, men ingen av desse funna er komne inn til noko museum.

Share to