Funkis i Gamlegata på Gvarv

Frå 50 talet av får funksjonalismen fotfeste i Noreg, også her på Gvarv.

Huset her skil seg med liggande panel, heilt andre vindauger, taket har knappe utstikk, og sett i samanheng med andre hus her i Gamlegata er dette huset langt meir prega av den funksjonen ein ønskjer framfor form og utsjånad.

Funksjonalismen ville bryte den lukka forma. Alt tidlegare var basert på lukka form. Med dette meinast et ein ikkje så lett kan bygge ut eller endre t.d. eit Sveitserhus utan å øydelegge balansen i arkitekturen.

Funksjonalismen derimot er basert på at ein kan legge til og trekke fra elementer på alle sider. Tanken var at kan du bygge ei leiligheit, så kan du bygge på både oppover og på sidane utan at dette utfordrar arkitekturen.

Det var slik vi fikk boligblokkene utover 50 tallet. 

Share to