• Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Arkikon.no (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)

Bautasteinar på Småge

På Småge i Aukra kommune står det ein ca. to meter høg bautastein, to mindre er like ved. I tilknyting til den største blei det funne ei grav frå vikingtida.

Brannflak

I 1929 blei det gjennomført ei arkeologisk utgraving ved denne bautasteinen som sto i sentrum av ein steinkrets med ein diameter på ca. 8-10 meter. Ein avdekka eit brannflak under torva. Det viste seg å være ei branngrav frå vikingtida.

Interessante funn

Ved bautasteinen dukka det opp eit sundbrent klebersteinskar og to klebersteinsøkke. Saman med brente bein i brannflaket fant ein eit sverd, ein skjoldbule, ein spydspiss, ei øks, ein hammar, klinknaglar, ei spelbrikke i bein, fleire jernstykke og nokre bitar av bronse.

Gravmarkør

Våpna i grava kan daterast til midten av 900-tallet. Ein reknar med at bautasteinen og steinkretsen er bygde som gravmarkørar i vikingtida. Ei kremering krev temperaturar opp mot 1000 °C, det er difor lite truleg at kremasjonen skjedde ved den eksisterande bautaen.

Båtgrav

Det vart også funne klinknaglar i brannlaget, dette funnet gjer at ein kan tolke det som ei båtgrav. Men det kan og ha vore materiale frå ein gamal båt som blei brukt i likbålet.

Share to