Anne Traaseth lagar skandale

Anne står på dekket av båten Montebello og ser Kristiania bli borte i det fjerne. Ho er fri, endeleg fri, eller er ho ikkje det. Tankane til Anne er kaos. Kva har ho gjort? Det er dette ho har drøymt om i 30 år, ikkje sant? Likevel er ho både glad og trist, alt på ein gong. Kva med framtida? Ho tenker på mor si, Ingeborg. Korleis skal det gå med henne nå? Ho vart liksom så lita da far til Anne døydde. Tankane går til son hennar, Ole og dei to gutane hans, Johannes og Ivar, dei er bare 9 og 7 år gamle. Ho veit ho vil sakne dei alle. Systera Agnethe, kva vil ho sei? Alt har liksom gått så bra for Agnethe. Vil ho nokon gong sjå dei att?

Anne blir brått rive ut av tankane sine, da ei hand tørkar vekk ei tåre frå kinnet hennar. – Kvifor gret du Anne? Er du ikkje glad? Jau, Anne var glad, ho var 48 ½ år gammal og ho var saman med mannen ho hadde hatt i tankane sine i meir enn 30 år. Kven ville ikkje vere glad da?

Dette var den viktigaste dagen i livet hennar til nå, 14. april 1893. Ho var ved eit vegskilje, og ho hadde valt den vegen ho ville gå vidare i livet. Vegen tilbake var borte, ho kunne aldri nokon gong snu. Ho hadde reist frå mann og familie for å følgje sin ungdoms store kjærleik til Amerika.

Share to