• Photo: Wikipedia (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Fjellfolket og «Finse kommune»

Det vart aldri noko av ein eigen kommune på Finse.

Etter at Bergensbana opna for trafikk, og rallarane var dregne sin veg, vart det meir stabil busetnad i fjellet. Dei aller fleste var tilknytt jernbanedrifta og var meir eller mindre fastbuande. Folketeljinga 1910 syner at det budde 367 menneske langs jernbana, frå Haugastøl til Myrdal. Av desse heldt 161 til i dei 21 vaktarbustadene som med nokre få kilometers avstand låg langs den seks mil lange linestrekninga.

Banestrekninga Haugastøl–Myrdal gjekk gjennom tre kommunar og tre fylke: Hol kommune i Buskerud, Ulvik kommune i Hordaland og Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Fjellfolket budde så langt frå sine respektive kommunesentra som det vel var mogeleg å koma, og dei kjende seg ofte tilsidesette og gløymde av storsamfunnet. I 1925 søkte dei om å få skipa sin eigen høgfjellskommune, Finse kommune, for dei som sokna til bana. Fylkestinga gjekk imot, og Staten avslo søknaden. Men dei tre kommunane tok seg sidan betre av fjellfolka sine, og fekk mellom anna i stand meir tenlege skuleordningar for jernbaneborna.
 

Share to