Milebott

Ser du deg rundt, oppdagar du ei lita sirkelrund flate. Du står på ein milebott!

Dette er restane etter ei kolmile frå 17- eller 1800-talet. I Bø kan vi finne milebottar mest over heile bygda. Det var ei kunst å bygge og brenne ei kolmile.

Hogst og tørking av mileveden gjekk føre seg om sommaren. Kolbrennaren måtte vere til stades dag og natt til veden var ferdig forkola etter 8-10 dagar. Etter 3-4 dagar seinare var kolet så avkjølt at mila kunne opnast og kolet gjerast klar for framkjøring på vinterføre.

Då Holden jernverk på Ulefoss bygde ein ny "stangjernhammar" på Hørte trong dei store mengder trekol for å smelte og smi jern. Bønder i mange mils omkrets blei pålagt å brenne og frakte kol fram til verksemda. Da produksjonen var på det høgaste, blei det produsert 45 000 m3 trekol. Og til det trongst det om lag 110 000 m3 trevirke.

Share to