• Photo: Svein Skare (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Skare (Opphavsrett)
  • Photo: Atle Jenssen. (Opphavsrett)

Gravhaugane på Døso

Utgravne og granska

Fire av haugane vart utgravne og granska i åra 1906-07 og sidan restaurerte. Tre av dei finst framleis. Dei fleste haugane vart brukte som gravstad fleire gonger. I den eine var heile fire graver frå ulik tid. Her er både manns- og kvinnegraver. Dei døde har fått med seg smykke, reiskap og bruksting av ymse slag, til liks med mat og drikke. I nokre av gravene har bevaringstilhøva vore slik at også restar av organisk materiale fanst.

Mannsgrav

På slutten av 500-talet vart ein mann gravlagd i ein haug som var bygd nokre år før. På botnen av steinkista la dei eit lag bjørkenever. Over dette breidde dei ein bjørnefell. På denne vart den døde lagd, sveipt i to ullteppe. Eit tynnare teppe vart breidd over, før grava vart fylt med grønt lauv og bregner. Så vart dekkheller lagde på, og jord kasta over.

Kvinnegrav - trolldomskvinne?

Om lag på same tid vart ei kvinne lagd i ein av dei andre haugane. På drakta hennar fanst forgylte hektespenne og fleire andre smykke av sølv og bronse. I beltet hadde ho nøklar og kniv. I høgre handa heldt ho ein lang trestav. I norrøn tradisjon var slike stavar kjenneteikn på omvandrande volver - trolldomskvinner. Var det ei slik som låg i haugen på Døso?

Share to