• Photo: Kjersti Vevatne (Opphavsrett)

Ungdomshuset på Valestrand

Like opp frå ferjekaien, ovanfor Valestrand sentrum, kneiser eit ungdomshus i klassisk stil.

Klassisistisk stil

Det er Johan Lindstrøm som er arkitekten bak dette bygget; klassisk i meir enn ein forstand. Huset høyrer til i den store norskdomstradisjonen frå byrjinga av 1900-talet, eit tidstypisk bygg for ein periode med vaknande kulturelt sjølvstende på bygdene. Samstundes er dette eit godt eksempel på bruken av eit klassiserande arkitektonisk formspråk for å gje huset den rette status og symbolverdi.

«Norskdomsbastion»

Ungdomshuset på Valestrand vart bygt i 1920-åra; ein av mange «norskdomsbastionar » i bygdene.

1 comment

  • Det er synd at Loggia-arrangementet (overbygg med søyler) til inngangspartiet er tatt bort her. Dette var eit særtrekk ved Lindstrøm sine samlingshus. Ein finn det bl. a på ungdomshuset i Lærdal, Leikanger og Dale i Sunnfjord

Share to