• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Otto Christian Dahl (Opphavsrett)

Stamnes

Stamnes ligg mellom to nes; gamle lendingsplassar for folk som kom nordanfrå og vestanfrå. Her var det tidlegare fleire gravhaugar, to av dei låg der kyrkja no ligg.

Stein frå gravhaugane ligg enno i steingarden kring kyrkja. På desse gravhaugane voks det store eiker, Håreikjæ og Kolleikjæ. Dei vart rekna for gamle offerstader, og den første stavkyrkja på Stamnes vart reist her. Seinare vart ei ny kyrkje reist i 1861. Kulturlandskapet har endra seg; tettstaden har vakse fram ved fjorden, sandtaka har gjort innhogg i bakkane. Kring veglause gardar ved Veafjorden ligg det også velhaldne kulturlandskap, som på Kårstad, Vedå og Bukkastein

Share to