Polis Kalle

På kyrkjegarden ute på Nes stend ein gravstein som har namnet Polis Kalle innskrive. Dette namnet viser seg å vere sterkt knytt til ei omveltingstid for Gvarv samfunnet.

Polis Kalle kom som mange andre jønnvegen til Gvarv. Tida for vassvegen, med 70 år med dampbåtar og før det mange århundrer med rorskift over Norsjø ut til Skien, var over når rallarane og sluskane kom til Gvarv.

Etter anleggstida slo mange seg ned i bygda og blei verande. Mellom desse var Polis Kalle.

Han var svensk og var dessutan ikkje den fyrste i Nesherad. Hørteverket hadde hatt mange i hundreåra før. Hans eigentlege namn var Frank Karlsson, stend det i eit intervju frå Varden 30. oktober 1953.

Polis Kalle var stor, frykteleg stor. ”En av de største karene eg noen sinne har truffet…” seier vardens journalisten om møtet med denne mannen.

Polis Kalle kom jønnvegen på 1920-tallet. Kor han kom frå er uvisst. Bortsett frå at han var svensk. Bakgrunnen hans er noko uklar, men det seiast at han var polis i Sverige da han hadde tatt for hardt på ein fange. Dette førde til at han måtte rømme til Danmark og visst nok måtte skifte namn for å komme unna den svenske loven.

Han måtte ut i verda for å tene til livets opphald som rallar og anleggsarbeidar. Dette førde han til mange stadar rundt om i verda. Han arbeidde både i Sverige, Danmark, Kannada, USA og Russland før han kom til Gvarv som anleggsslusk, og sida slo seg ned her.

I Russland kom han midt opp i revolusjonen og arbeidde på Murmansk-banen. ”Ein dag kom Lening og Stalins”, sa han, ”og sa at vi skulle få både arbeid og mat, men løn var det meir uvisst med.” Men viss bolsjevikane vann, skulle dei få si løn.

Etter anleggstida tok Polis Kalle seg arbeid som lausarbeidar rundt om på gardane i Nesherad. Helst tungarbeid som grøftegraving, og liknande. Han hadde kropp til slikt, Polis Kalle.

1 comment

  • Fortellinger om svensker liker vi! Så klart!!

Share to