• Photo: Kystverket (Opphavsrett)
  • Photo: Kystverket (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Magne Flem (Opphavsrett)

Storholmen fyrstasjon

22 meter høgt

Fyrtårnet med lyktehus var av støypejarn, det var 22 meter høgt med ein 7 meter betongfot. I tårnet bygget ein eit rom til kvar av betjeninga og eit felles kjøkken med spiskammer og proviantrom.

Steile fjellvegger

Rundt hele holmen er det steile fjellveggar rett i sjøen, dette gjorde landingsforholda vanskelege. Så godt som all båtbruk ble hindra av forholda sjølv om man opparbeidet tre landingsstader med kran.

Proviant hales opp med line

All post, proviant og andre varer måtte hales opp med line. Om det var tyngre kolli, ble den heva opp med vinsj. Sjølv når det var godt vær var forholda slik at det ikkje var mulig å lande.

Avløsninga uteble

Når vinterstormane satte inn kunne det gå veker utan at avløysing kunne skje. Noe som var ein stor påkjenning for fyrbetjeninga. Under avløysing måtte ein sitte i ein båtmannstol og heisas eller senkast ca. 20 meter, noe som sikkert kunne være ein luftig tur.

Automatisert

Gleda var stor da det blei innført helikoptertransport frå 1970. Landingsplassen var på bare 4 x 4 meter, men dyktige pilotar sørga for trygg transport av varer og personell. Storholmen ble automatisert og avfolka i 1980.

Share to