• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Bru over Strandeelva

Brua vart bygd frå hausten 1902, og stod ferdig to år etterpå. Stillaset vart bygd fyrst, og var samansett av to delar, bogestillaset og arbeidsstillaset. Kvelven er mura i to ringar, og i kvar ende er det skote inn ein tredje ring for å gjera kvelven kraftig nok. Steinen er grovkorna gneis, og steinane vart kila ut i passe storleik ved steinbrotet som låg langs jernbana vest for Voss. Kvar stein vart hogd med same tverrsnitt. Lengda varierte, den minste lengda var 60 cm og ingen skulle vera lenger enn 3–4 gonger tjukkleiken. Kvar steinhoggar hogg ut sine steinar med spissmeisel, settmeisel og hammar.

Kvelven har 99 skift eller lag med steinar, og kvar stein vart merkt med talet på skiftet og plassen i skiftet. Dei ferdige steinane vart så lagde etter eit system, slik at dei som skulle brukast fyrst vart lagde øvst. Ein brukte ei svingkran på tralle for å leggja steinane opp på vogner som frakta dei frå brotet til brua. Sanden vart henta ein kilometer frå brustaden, lagra ved vestenda av brua og frakta over elva i kassar på ein dobbel løypestreng. På begge sider av brustaden er det fjell heilt opp i dagen, noko som letta fundamenteringa.

Den 3. august 1903 starta arbeidet med den fyrste kvelvringen, og den vart lagd på tre veker. Dagen etter byrja utstampinga av fugene med spesialtilverka pakkjern. Så vart innskotsringen lagd og utstampa før den andre ringen vart lagd. Deretter vart steinfyllinga på kvar side av kvelven mura. Hundre år etter at brua sto ferdig, skjedde det ei utgliding i den eine kjegla. Både den og dei tre andre kjeglene vart refundamenterte, og reetablert med naturstein.

Share to