Erik Werenskiold budde mange somrar på Nordre Lindheim, eller Østigard som garden blir kalla, og på Nilsen"s hotell i Gamlegata på Gvarv rett før og rett etter 1900.
Medan Werenskiold budde på Gvarv, måla han blant anna: En bondebegravelse, Telemarksjenter, Fra Telemark, På hjemvei, Sittende dame og mange fleire måleri.
Dei fleste originale måleria til Werenskiold er i dag på Nasjonalgalleriet i Oslo.