• Photo: Knud Knudsen. (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Tine Eikehaug (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Køyrevegen Telemark grense - Seljestad

Den første køyrevegen

Frå austlandet hadde ein i 1876 kome fram til grensa mellom Telemark og Hordaland på Haukeli, medan det på vestlandssida gjekk noko seinare. I 1886 blei så den siste hindringa på køyrevegsambandet – vegstrekninga gjennom Dyrskar – forsert, og den sommaropne vegen var sidan hovudveg heilt fram til den nye heilårsvegen, Haukelivegen, kom i bruk vinteren 1967-68.

Den kring 3 meter breie vegen er lagt gjennom eit vêrhardt, krevjande og vanskeleg høgfjellslandskap med bratte fjellsider, mykje ur, og stadvis bratt stigning. Området er svært sårbart for menneskelege inngrep, men ligg heldigvis så høgt over havet – opptil 1150 meter – at bruken avgrensar seg sjølv. Ser ein vekk frå rasstader, oppdemminga av Ståvatn og Ulevåvatnet, og Haukelivegen frå 1960-åra, verkar det nesten som om naturen held seg lik år etter år. Snøen ligg lenge her. Nokon år blir det ikkje snøfritt i det heile teke og nattekaldt er det omtrent heile året. Snømokinga og det årlege vedlikehaldsarbeidet med å gruse vegen har gjennom åra kravd store ressursar, og dei fleste menn frå Røldalsområdet var i periodar av livet sysselsette på vegarbeidet.

Mjuk linje for Kong Oscar II 

For å møte samferdselskrava i samtida, måtte køyrevegen leggast i store svingar oppover det bratte Seljestadjuvet og gjennom Austmannalia. Den skulle gå i mjuke linjer som fylgde terrenget, og samstundes ha lite nok stiging til at ein kunne frakte store bører på kjerrene.

Då Kong Oscar II kom på gjennomreise i 1879, var enno ikkje heile køyrevegen ferdig. Ein 250 meter lang og 2,5 meter brei, mellombels kløvveg blei difor bygd ved Nyastøl, mellom den ferdige delen av køyrevegen, og den gamle pilegrimsvegen” ovanfor, slik at kongen og fylgjet kunne kome vidare. Vegen går i sikksakk oppover lia, etter chausséprinsippet, og viser at ingeniørane har teke med seg dei nye ideane i tida om vegbygging, og overført desse til gamaldags kløvveg.

Omleggingar i Dyrskar 

I Dyrskar viste vegen seg tidleg å vere vanskeleg farbar på grunn av snø, is og ras. Difor blei det i 1891-1900 laga ein tunnel gjennom det verste partiet. Men dette hjalp ikkje særleg, og vegen måtte frå 1914 til 1919 leggast til den andre sida av dalen. Tunnelen har sidan den tid fått ligge i fred, utan å bli utvida eller endra på anna vis, og er eit av mange klenodie langs køyrevegen.

For kulturminne frå vegbygginga finst på rekke og rad langs den gamle køyrevegen. Nokon av dei eldste anleggsbrakkene i Noreg, ei mengd hogde årstal og påmåla merkesteinar, mange ruinar og mykje meir. Vegen er i sanning ei veghistorisk skattekiste. 
 

Share to