• (Opphavsrett)
  • Photo: Kjell Magne Hillestad (Opphavsrett)
  • Photo: Kjell Magne Hillestad (Opphavsrett)
  • Photo: Fylkesarkeolog Eva Moberg (Opphavsrett)
  • Photo: Kjell Magne Hillestad (Opphavsrett)
  • Photo: Kjell Magne Hillestad (Opphavsrett)

Det spøkte på Myrbeinsete

Kom og bli med så køyrer me til Øvstedalen i Norane og går oss ein tur til stølen Myrbeinsete – om du vågar, for det var sagt at stølen vart fråflytta fordi det spøkte der.

Frå Fardal og Fardalsfossen nede ved Norafjorden er det 5 km å køyra til Raunehaug i Øvstedalen. Om du ikkje vil parkera der, så kan du køyra vidare på ein 1,3 km lang bomveg til ein romsleg parkeringsplass.

Smiereset

Frå parkeringa er det ein kort bakke opp til Smiereset der terrenget flatar ut nedom Svartavatnet. Namnet Smiereset kjem av at det er funne kolgroper og jarnslagg som betyr at der har det vore utvinning av jarn frå malmhaldige myrar i området.

Gautastølen

Frå demninga til Svartavatnet ser du Gautastølen oppe i høgda. Det var gardar i Fardal og Øvstedalen som støla der, og frå stølen er det vid utsikt som du kan nyta etter å ha gått hovudstien frå Smiereset gjennom bjørkeskog og over små myrdrag.

Furesete

Neste støl er Furesete som du får auga på når du går stien frå Gautastølen over haugen i nordvestleg lei. Ved så å skrå ned lia kjem du til sel og hytter til gardar frå Øyragrenda og Øvstedalen. Stølen ligg ved Furesetelva, og her kjem du inn på hovudstien som går vidare i nordleg lei til Myrbeinsete og Fjærlandsete.

Myrbeinsete

Stølen ligg 770 moh. ved stien etter 20 minuttars gange frå Furesete. Sogndal Sogelag rydda den attvakste stølen på dugnad i 2010, og fann ukjende tufter, slik at nå ligg 10 tufter synlege med ei ”gata” mellom tuftene.

Det einaste ein veit om stølen er eit vitnemål i ei sak frå 1602, der gamle folk vitna at Myrbeinsete var rette stølen til gardane Øyre og Eskestrand. Dette står skrive i sogehefte ”Heimbygdi vår” frå 1935. Der står også segna om bonden på Eskestrand som mistrudde kona si for å ha eit forhold til drengen. Då bonden fann kona si og drengen i selet på Myrbeinsete, slo han drengen i hel og grov han ned under ei hella som ligg midt i stien ca. 100 m framom Myrbeinsete.

Freda støl

I 2010 viste fylkeskulturavdelinga og arkeologane interesse for Myrbeinsete ved å registrera tuftene og ta kolprøver frå 4 ulike tufter til datering. Resultata viste at den eldste tufta var frå år 1030 – 1220. Den yngste tufta var frå år 1280 – 1410, som då teoretisk kan vera frå svartedauen, noko som gjer at alle tuftene er automatisk freda. Tufta frå 1280 – 1410 er ei av dei tre tuftene ved den store steinen, der ei av dei andre tuftene er datert til år 1040 – 1260. Oppom den store steinen ligg ei stor tuft på ca. 75 m2 datert til år 1160 – 1270. Der kan du sitja og nyta nista di og sjå mot Myrdalsbreen samstundes som du funderar over livet på Myrbeinsete for 600 – 900 år sidan – men ver på vakt i tilfelle det spøker der ennå.
 

1 comment

  • Flott og interessant fortalt om ein fin tur. Flotte bilete.

Share to