• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Olav Skjellevik (Opphavsrett)
  • Photo: Tysnes sogelag. (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Uren Luren – husmannsplassen Heio på garden Berge

Ikon over dei som budde på avkrokar

Songen om Anne Knutsdotter, ein av dei kjæraste songane i folkevisetradisjonen her i landet, er nærast som eit ikon å rekne over dei tider då folk av naud vart drivne til å busette seg på plassar og avkrokar der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Også på Tysnes auka husmannsvesenet kraftig utetter 1800-talet og mange vart nøydde til å ta til takke med mindre plassar, ofte i utkanten av gardane.

Claus Pavels Riis og Tysnes

Diktaren Claus Pavels Riis budde på Nymark på Tysnes då han skreiv songen om Anne Knutsdotter som ein del av syngjespelet "Han har det strengt" frå 1865. Stykket vart oppført på Christiania Teater utan å verte nokon suksess, men visa om Anne Knutsdotter vart snart både kjend og kjær i heile landet. Det er fleire stader i landet som har gjort krav på ”den ekte” Uren Luren, men det har likevel vorte brei semje om at Riis fann inspirasjon til teksten på same sida av Tysnesøya som han sjølv budde, nemleg husmannsplasset Heio under garden Berge i Vattedal på Onarheim.

Herborg Knutsdotter

Plasset Heio vart teken opp i 1852 av Knud Nilsen, husmann og fiskar, og kona Abel, som i folkeskjemten gjekk under namna ”Knud i lukto” (lufta) og ”Abel i himmelen”. Dottera heiter Herborg og mykje tyder på at det er ho som er rollemodellen til Anne Knudsdotter.

Høgt oppe i ei ur

Heio ligg høgare til fjells enn andre husmannsplassar i Tysnes. Plassen ligg høgt over fjorden, ja, nett som i songen – ”høgt, høgt oppe i ei ur”. Her er vidt utsyn mot fjorden og Onarheimsstranda. Det er ein strevsam veg opp, og er ikkje å anbefala for dei med høgdeskrekk. Og store plassen er det ikkje, berre ei ku og nokre få smalar kunne dei fø her. Visa fortel at om vinteren var det ikkje godt å vera her,
”med frost og fok og snjo,
då kan det ofte over dei fjortan dagar gå
som vi inkje folk får sjå.”

Så er det heller ikkje å undrast at det kunne gå gale; Abel fekk ein trist ende med å gå utføre og slå seg i hel. Og Herborg sjølv enda sine dagar som ugift og vanfør fattiglem på Voss i 1911.

Eit minnesmerke

Plassvollen er i dag tilvaksen med lyng og brake, men grunnmuren til huset ligg att – som eit minnesmerke over dei mange små og fattige i samfunnet på midten av 1800-talet.  

Share to