• Photo: Illustrasjon fra boka "Notes on a yacht voyage to Hardanger Fjord" av Charles William Rothery i boka (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Tysnes kommune

Våge - Uggdalseidet, to sentra i Tysnes

Våge kan ha vore ein av gardane som gav namn til Våg skipreide. Garden er omtala som tingstad i 1590. I skottetida, på 1600-talet, budde mange husmenn i Våge og på grannegardane. Dette var likevel ikkje husmenn i seinare tyding av ordet, men strandsitjarar, folk som dreiv handverk, handel og fiske i ei økonomisk velstandstid. Tilsvarande var det kremmarleie og andre strandsitjarar på Eide, ved sjøen på søre delen av Uggdalseidet.

Som kommunesenter går Uggdalseidet attende til 1910, då tinghuset vart bygt på Myklestad. Her fekk samstundes sparebanken sitt lokale. Sidan kom det fleire andre offentlege bygg i dette området, der soknekyrkja hadde stått i alle høve frå kring 1500. Mellomalderkyrkja i Uggdal sokn stod truleg oppe i dalen, på Uggdalsvodlane. Tautrekkinga mellom Uggdalseidet og Våge om kvar kommunesenteret skulle liggja, var sterk, like fram til det nye heradshuset vart bygt 1973-74. Uggdalseidet, som namn på kommunesenteret, er eit nykonstruert namn i vårt hundreår.

Stadnamn i Tysnes

Tysnes er av namnegranskaren og religionshistorikaren Magnus Olsen sett inn i ein førkristen kultsamanheng, der førsteleddet Tys- viser til gudenamnet Ty. Det eldre namnet på Tysnesøyo meiner han har vore Njardarlog, gno. Njarðarlog lovområdet der dei dyrka guden Njord. Ty og Njord var eit gudepar i den norrøne mytologien.

Fleire stadnamn her tyder på heiden kult, som Ve av gno. «heilagdom», Vevatne, Helgastein, Godøyna. Det siste namnet inneheld gno. guð, goð «(heiden) gud». Hovland kan òg setjast inn i ein religiøs samanheng.

Til grunn for Onarheim ligg truleg gno. ón «landstykke, teig». Uggdal er lett å tolka når ein får opplyst eldre skriftformer som i Uppdale. Same opphav har forresten Uvdal i Numedal.

Årbakke kjem av eit eldre árbakki «elvebakke». Dalland er samansett av dal og land, medan Færavåg helst inneheld ferd «reis, fiskestim». Flakka er avleidd av flat, anten om lendet eller om fjorden. Anuglo er eit alderdommeleg ord; av and «midt i mot, overfor» (som i andlet) og ei avleiing av same opphav som haug, jf. Huglo ved Stord.

Share to