• Photo: Axel Lindahl (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Stein Ottosen (Opphavsrett)

Vaksdal kommune

Det bratte fjordlandskapet

Kjem du langs E16 frå Bergen mot Dale i dag, så kjører du heile vegen innanfor det området som høyrde til Arna skipreide i mellomalderen. Her opplever du fjordlandskapet på sitt brattaste og trongaste. Det er mest som ein portal opnar seg når du rundar svingen og kjem inn til Dalegarden. Det brattlendte landskapet held fram innover mot Straume og Stamnes.

Eksingedalen

Vegen frå Stamnes til Eidslandet, som opna den fem mil lange Eksingedalen for omverda, er bygd med handemakt — eit teknisk meisterverk. Vi ser den naturgjevne samanhengen i at Eksingedalen tidlegare høyrde i hop med nabodalføret Modalen. Før vegen og bilen kom var dette den kortaste byvegen: over fjellet til Modalen, ut Mofjorden og Osterfjorden til fjordungskyrkja på Hamre og til Bergen.
 

Stadnamn i Vaksdal

Vaksdal går attende på gno. Vágsdalr og tyder «dalen ved vågen». Stamnes med den eldre uttalen «Stabbnæs» har gno. stafn «(skips)stamn» eller gno. stafr «stav» som forsteledd, nytta om framstikkande eller bratt lende. Førsteleddet i Toskedal er taske «pose, pung», truleg med bakgrunn i elva eller vatnet. Gammersvik er usikkert, mogeleg er førsteleddet eit gammalt personnamn. Det gammalnorske ordet gullbrá som må liggja til grunn for Gullbrå førekjem som persontilnamn, men det er uvisst korleis ein skal forstå stadnamnet. Enklare er Lavik og Høvik, der førsteledda er lad «stabel» og høy «turka gras». Veafjorden er laga til gardsnamnet Veo, av gno. Vé «heilagdom». Førsteleddet i Kallestad har truleg samanheng med kalla «ropa».
 

Share to