• Photo: John Landstad, Norsk jernbanemuseums samling. (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Olaf Andreas Svanøe (Opphavsrett)

Taugevatn

Før Finsetunnelen vart opna, låg det høgaste punktet på Bergensbana ved Taugevatn, 1301 meter over havet.

Før Finsetunnelen vart opna, låg det høgaste punktet på Bergensbana ved Taugevatn, 1301 meter over havet. I 1894 vedtok Stortinget at bana frå Bergen til Voss, som alt var ferdig, skulle førast vidare over fjellet til Kristiania. Det var ulike meiningar om trasévalet, men framom Taugevatn måtte bana i alle høve. Og så sette dei i gang med å byggja bana mellom Voss og Taugevatn, utan å vita kvar ho vidare skulle ta vegen. Det vart fyrst avgjort i 1898.

Namnet Taugevatn har truleg med reinsdyrfangst å gjera. Segner frå Hardanger og Hallingdal fortel at i gamal tid sette fangstfolk opp lange rekkjer av vardar som dei spente tau mellom. Taurekkjene hadde form av ei trakt som munna ut i vatn, og så jaga dei reinsdyrflokkar inn i trakta og på vatnet, der dei stakk eller slo dei i hel.

Sør og aust for Hardangerjøkulen, på Sumtangen ved Finnsbergvatn og ved Krækkja, er det funne restar av varderekkjer og slakteplassar med avfallsdyngjer av bein, daterte til 1200-talet. Også ved Taugevatn kan det ha vore slik fangst, men sikre spor er enno ikkje funne.
 

Share to