• Photo: John Landstad (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Torbjørnstølstunnelen

Det var ikkje berre dei lange tunnelane som gav store utfordringar. Her førte 190 meter fjell til over tre års hardt arbeid.

Torbjørnstølstunnelen er den første tunnelen aust for Finse stasjon, og ligg i området der terrenget heller slakt nedover. Når tunnelen skulle gravast ut måtte alt arbeidet gjerast utelukkande frå austsida, for å unngå tilsig av vatn. Det unngjekk ein, men austsida var dekka av ei snøfonn gjennom heile sommaren, og i bakken var det frost. Det tok heile to sommarsesongar, 1904–1905, å koma gjennom frosten og inn til sjølve fjellet. Når arbeidarane skulle ta til igjen våren 1906 vart dei møtt av ein 18 meter høg snøfonn, og for å kunna fortsetja utgravinga av tunnelen vart det behov for ein 200 meter lang tunnel gjennom snøfonna. Først i midten av 1907 vart tunnelen ferdig, etter at snøfonna og dei resterande frosne jordlaga vart sprengt bort, og eit snøoverbygg i stein vart mura opp ved inngangen på austsida. 

Share to