• Photo: Yngve Ulgenes (Opphavsrett)
  • Photo: Einar Grieg (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Dagens utfordringar langs Rallarvegen

Sjølv i vår tid er det utfordringar med vedlikehald av Rallarvegen og Bergensbana.

Sjølv om mykje har forandra seg sidan Bergensbana vart bygd, er det fortsatt store utfordringar med å halda ei banestrekning og ein gamal anleggsveg i god stand over ei høgfjellsstrekning som Hardangervidda.

Sjølve Rallarvegen er prioritert bevart som kulturminne, samtidig som han skal vera ein godt brukbar veg for gåande og syklistar. Dette legg visse føringar for bruk av materiale og metodar, då dei som oftast skal samsvara med metodar som vart brukt på den tida vegen først vart bygd. Kombinert med store snømengder og snøsmelting om våren gjev dette visse vedlikehaldsmessige utfordringar, men det gjer også Rallarvegen til eit unikt kulturminne.

Bergensbana har dei same utfordringane rundt store snømengder og snøsmeltinga om våren. I tillegg viste vinteren 2012–2013 ei utfordring som vil vera aktuell i kalde, men svært tørre vintrar som kjem etter ein fuktig og mild haust: massiv isdanning, ofte langt inne i tunnelane. Store issvullar i tunnelar kan gjera at det vert for lite klaring for toga, både på tunnelsidene og i taket. Dette gjer at det trengst ekstra mannskap ut på vinterberedskap. Grunna den auka togtrafikken dei siste åra vert arbeidsøktene ofte svært korte.

Share to