• Photo: Teining Andreas Bloch. (Opphavsrett)
  • Photo: Norge i Bilder (Opphavsrett)
  • Photo: Teikning etter Beutlich (Opphavsrett)

Batterihammaren og Napoleonskrig i Kristiansund

Bygging av festningsartilleri
Med ein krig truande ble det i 1800 og 1801 anlagt sju batteri i Kristiansund. Formålet var å sikre den viktige hamna som opplags- og skjulestad. Eit batteri er ein militær eining med artilleri (kanonar) på nivå med kompani (infanteri) og eskadron (kavalleri). Dei sju batteria fekk namna: Prins Carl av Hessens batteri, General von Kroghs batteri, Kronprinsens batteri, Kommandør Tønders batteri, samt Pluto, Fuglen og Innland batteri. Eit flåtebatteri med namn Neptunus blei også lagt til byen. Krigsfaren blåste denne gang over og batteria ble lagt ned og fleire av kanonane vart tilbakeført til Trondheims arsenal, medan sjøetatens og Kristiansund bys kanonar representerte ein beredskap.

Krigen bryt ut
I 1807 vart krigen ein realitet og særleg engelske skip blei ein reell trussel mot skipstrafikken. Kristiansund var svært sentral som hamneby med sin strategiske plassering kombinert med ei lukka hamn. Engelske kaperfarty beslagla dansknorske skip, og Kristiansund hamn var ein viktig tilfluktstad for skipsfarten. Andre byar som til dømes Molde låg meir tilbaketrukke og hadde ikkje ei tilsvarande skjerma hamn å søke ly i.

Klargjort for krig
Batteria vart no rusta opp igjen, væpna og bemanna. Batteria Fuglen og Pluto blei sløyfa og erstatta med nye batteri. Ein garnison blei oppretta i Kristiansund med 210 mann frå Trondhjemske infanteriregiment. Neptunus med 10 kanonar fekk ei besetning på 47 mann innrullert frå byen. Og byens borgarvæpning, som ved krigsutbruddet bestod av 73 mann, danna eit artillerikompani fordelt på batteria. I alt seks batteri med 35 - 40 kanonar og ei bemanning på 470 mann var sett av til å sikre Kristiansund hamn.

Engelske angrep på Kristiansund i 1808
Den 19. mai 1808 blei den engelske korvetten Cygnet observert frå varden i Kristiansund. Cygnet førte hollandsk flagg, men byens forsvar gjekk ut frå - rett nok - at det var eit engelsk angrep. Når Cygnet nærma seg hamna blei den difor møtt med kanoneld frå Kronprinsens og Prins Carls batteri. Etter å ha veksla kanonskot, trakk Cygnet seg tilbake og heiste engelsk flagg. Eit nytt forsøk kort tid etter førte også til kanoneld og Cygnet trakk seg igjen tilbake, treft av fleire skot, men utan store skadar. Det vart ikkje notert skade blant forsvararane.

Den 7. juli 1808 vende Cygnet tilbake, no i lag med korvetten Tartar som den 16. april hadde gått til angrep på Bergen hamn. Skipa blei observert frå Storvarden. Engelskmennene hadde notert seg at 26 båtar hadde lagt seg til i Kristiansund hamn. Dei to skipa går først mot Søndre innløp til Kristiansund, seinare mot nordre, før dei om morgonen den 8. juli gikk inn Omsundet. Neptunus og to landbatteri opnar eld. Under kampane stilnar vinden og dei to engelske skipa blir liggande stille innan rekkevidde for nokre av Kristiansunds batteri. Dei heiser parlamentærflagg og forhandlar med forsvararane. Eit engelsk brev med krav om full kapitulasjon og forsikringar om at dei ikkje er ute etter å øydelegge byen, men berre var ute etter skipa på hamna, blir møtt med eit tørt svar med beskjeden om at så lenge Kristiansund har menn, kuler og krut så blir ikkje overgjeving vurdert. Som uthaling av tid er forhandlingane vellukka for dei engelske skipa. Cygnet og Tartar kjem seg etter kvart ut av skothald og dreg seg tilbake. Dei engelske skipa har fått ei rad fulltreffarar, men talet på skadde og drepne er usikkert. I Kristiansund er fleire hus påført skader, og ein mann er drepen ved Kommandør Tønders batteri.

Den optiske telegraf
I samband med krigen vart det også oppretta ein optisk telegraf. Dette er mastrer som sender talsignal ved hjelp av klaffar. Med siktlinje mellom mastene, vert meldingar sendt frå mast til mast og kvar talkode representerer ei melding om fiendtleg bevegelse, observerte skip osv. Vi veit at ein optisk telegraf var operativ mellom Kristiansund og Trondheim. Siste mastepunkt gjekk frå Tustna til Skorpa ved Kristiansund og ein hovudstasjon låg i Kristiansund. Hovudstasjonen står i dag på Nordmøre museum. I tillegg til militærhistorisk interesse, er den optiske telegrafen også av stor kommunikasjonshistorisk interesse.

Batterihammaren
Namnet Batterihammaren ved Sørsundet viser områdets kulturhistoriske verdi som minne frå Napoleonskrigane. Men vi har i dag liten oversikt over kor mange av dei andre batteriområda som er bevart. Kristiansund rolle som ein strategisk hamneby i eit historisk perspektiv blir gjort synleg ved at slike område blir bevart og behandla av historikarar, museum og media. I eit større perspektiv har Kristiansund kulturhistorisk interessante stader som gjer viktige periodar av Noregs historie levande. Alliansen mellom Frankrike og Danmark-Noreg i denne krigen, medførte jo at Danmark måtte avstå Noreg, og at Noreg gjekk i union med Sverige i 1814, knapt seks år etter angrepet på Kristiansund.

Share to