• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Yngvar Hansen (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Snøoverbygg i ulike variantar

Dei fyrste snøoverbygga vart kalla «spissbygg», og dei vart bygde i ein stavkyrkjeliknande konstruksjon av ståande tømmer med bordkledning. Overbygga var lange, og i damplokomotivtida vart dei fulle av røyk sjølv om det var lufteluker på taket. Spissbygga var arbeidskrevjande å montera, og brannfarlege, så seinare vart denne typen erstatta av andre typar.

Neste generasjon snøoverbygg vart utvikla på Ofotbanen. Ofot-bygga hadde skråtak med eit lite fall, og stendarar og taksperrer av grovt, skore tømmer. I starten hadde desse bygga òg bordkledning, men etter kvart gjekk ein over til eternit og seinare aluminiumsplater. Veggkonstruksjon og taksperrer vart prefabrikkerte på Nesbyen, slik at rammemonteringa i sporet gjekk raskt.

«Ofotperioden» heldt fram til ut på 1980-talet, men då hadde limtreet allereie gjort sitt inntog. Dei fyrste limtrekonstruksjonane var ein rundboge – hesteskoform – og vart introduserte i 1964. Frå 1973 har ein limtrekonstruksjon med tilnærma flatt tak vore dominerande. Kledning med aluminium er framleis det vanlegaste, men på nokre parti er det brukt trykkimpregnerte bord. Bygg med rammer i aluminium kan ein også sjå, men i lite omfang, truleg på grunn av kostnaden. På stader med høge snølaster eller skredfare er det gjerne brukt betongoverbygg. I tronge skjeringar vert det i dag oftast brukt ein plassbygd limtrekonstruksjon. På Hallingskeid stasjon er det sett opp ståloverbygg etter brannen i 2011. På det meste var det 27 kilometer overbygg som skulle haldast ved like. Etter at ein fekk ny trasé på høgfjellet (1993–99), er det no om lag 11 km snøoverbygg på Bergensbana.

Share to