• Photo: ukjent (Opphavsrett)

Spelemenn frå Rekve

«Rekven»

Av desse var det Nils som sette merkesteinar i tradisjonen. Enno i dag lever namnet hans sterkt mellom spelemenn. I si beste tid var han eit mønster i skapande slåttespel, og han vart ein omtykt læremeister for spelemenn på Vestlandet. I Hardanger vert det sagt at mest alle som tok til som spelemenn der på den tid, var saman med Nils Rekve. Den fremste av spelemennene i Nordhordland, Magne Kleiveland (f. 1804) rekna òg «Rekven» som læremeisteren sin. Vi veit at dei var hjå Rekve etter spel, både Knut Luras og Myllarguten frå Telemark, og frå dei går linja til namnet «Nils Rekves halling».

Share to