• Photo: Inge Aarseth
    (Copyright)

V-dalar – elvedalar

Mellom Urdland og Rastalii dannar Raundalen ein djupt skoren V-dal.

Dette tyder på at dalen ikkje er grave ut av isbreen. Det ville ha resultert i ei U-form. V-dalar er resultat av at elva grev seg ned midt i dalen, og at det går skred i dei bratte dalsidene. Det som rasar ned frå dalsidene vil elva frakta vidare nedetter. Unge elvedalar har ei spiss V-form, mens gamle elvedalar har ei opnare V-form sidan skred i dalsidene har verka i lenger tid i dei vide dalane.

Her i Raundalen skjedde nedskjeringa truleg då elva hadde grave ut gjelet i den harde kvartsitten i Rastalii like nedanfor.

Share to